onsdag, mai 18, 2011

Dagen derpå...

Two down, two to go...

Eg snakkar om antall gonger 4 stk. bunadskjorter skal strykast (og tråklast..).
To gonger igjen før bunadane kan pakkast vekk eit heilt år...

Eg må innrømme at to gonger i bunad på kort tid, gjer at iallefall eg blir litt lei...
Det er alltid stas å ta på bunaden fyrste gongen (som regel 17.mai),
men korleis blir det tredje og fjerde gongen?


Eg skal ikkje syte, for det er høgst frivillig å gå i bunad!
Men eg er litt lei for at min bunad ikkje er ny og fin...ALT går i oppløysing..
Eg treng ny skjorte, nytt belte for ikkje å snakke om doss (stakk/skjørt)...

Det er vel snart ingen veg tilbake,
eg må sy sjølv...
gulp..

Håpar du fekk ein kjekk 17.mai!
Her var det både sol og regn...
Og ei skuffa lita jente som ville gå i "ORNTLI tog...", eit tog skulle jo minst ha hjul!
Haha...
ikkje lett å vera liten heller...

4 kommentarer:

Marlene sa...

Hehe, vi hadde det samme problemet her. Min 3 1/2 åring lurte på om jeg ville sitte foran eller bak i toget...
Koselig blogg du har!

Anonym sa...

godt det ikke er bare min spansk foedte soenn som trodde det da - da han var 6!! Han hadde aldri gaatt i norsk 17 mai tog verken foer eller siden ( saa vi maa preove aa komme oss til Norge snart igjen - saa vesla faar oppleve det ogsaa!!!

Loppedilla sa...

morsomt!

Rosa sa...

Jaudå, me hadde nokre rundar med 3-åringen vår òg, om dette 17-maitoget. Det er ikkje lett å skjøne!

4 bunadsdagar på kort tid kan jo verte litt slitsomt, ja. Men så er det jo verkeleg stas-dagar også, då. Eg har forresten ein mistanke om at eg (og eit par andre) skal spele i kyrkja når de skal i den siste av konfirmasjonane ;)

Og sy bunad sjølv.....gulp!!