søndag, juni 10, 2012

Dagen derpå...


Sjølvlaga pom-poms må til...
 Minstejenta er blitt heile 5 år!
Tenk det...


Me klarte å plassere heile barneselskapet på kjøkkenet,
15 små til bords...
Me henta inn eit ekstra bord frå hytta i hagen.

Det var stor stas å få invitere heile avdelingen i barnehagen.
Ikkje er det farleg når alle er så snille og kjekke heller...

Sjølve dagen var ganske hektisk, 
difor er det bilete frå eit nesten festrydda kjøkken...

Men heldige oss, var det sool og varmt heile dagen!
Så alle ungane sprang ut i hagen og leika etterpå.
Kjekt.

Rosa er ein viktig farge for nesten alle 5-årige jenter..
...små prinsesser..
Så ein kan seie at rosa muffins var på sin plass.
Men alle gutane i bursdagen synes heldigvis ikkje det var så farleg at alt var rosa.
Så søte..


Desse er superenkle å lage,
vanleg muffin-oppskrift (som du finn overalt...)
Kremen på muffinsane er sånn ostekrem ein brukar på gulrotkake, 
med philadelphiaost, smør og melis...
ha i konditorfarge, vips er den rosa.
Lett å sprøyte ut,
og toler å stå litt etterpå...


Men eg må seie det er herleg når festen er over,
me hadde alt og alle på same dag i år,
difor var me 10 vaksne samtidig...
Godt me kunne sitte ute!

No blir det stille ei vekes tid hjå meg.
Eg skal på leirskule, ut i havgapet, med mine kjekke 7-klassingar heile neste veke!
Spennande for meg òg...

Ha ei fin fin veke!
(kryssar fingrar for fint vêr)

6 kommentarer:

Haust sa...

Fin og fredfull søndagsstemning hos deg!

Og så tar eg med meg tipset om gulrotkakekrem på muffins. :)

Fortsatt god søndag!

hjemme bra sa...

Stas med 5års dag. Gratulerer til jenta.
Så flotte bilder!
PS. er pom-pom'ane laga av silkepapir? Dei var flotte!

ceciliegrut sa...

Herlige bilder!

:)

linn sa...

ja, det er rooosa som gjeld i den alderen :)
kjekt med selskap, og heilt greit når det er over ;)

lykke til på leirskule!

an-magritt sa...

Rosa er kjempeviktig! :) Fine, fine pompommer! Elsker kjøkkenet ditt. Det er så rent og ekte!

Loppedilla sa...

For et kult kjøkken! liker stilen og pynten!