søndag, juni 03, 2012

Min fyrste peon...

Med stor fare for å bli ein rein hagebloggar...
kjem eg med nok eit innlegg om blomar.

Eg har fått min fyrste peon!
Ventetida har vore laang...
Tre år!


Då eg skulle avgarde å kjøpe meg peon, var eg fast bestemt på å få tak i ein slik
silkepeon (bondepeon?), ein lys kvit iallefall...
Men dei var sjølvsagt utselde.

Difor vart denne med heim istaden,
dette er ein trepeon.
Den brukar ca tre år på å blomstre,
frå du plantar den, altså...

Heretter reknar eg med at den blomstrar kvar år.
Basta!

I år kom det berre ein stakkar blom på busken,
men eg håpar det kjem mange til neste år.

Den luktar himmelsk!
(eg har såå lyst å plukke den...hihi)

Eg måtte berre dele dette med dykk.
Ynskjer dykk alle ei fin fin veke!


3 kommentarer:

solihjartet sa...

Å, dei er berre så nydelege! Og luktar så fantastisk godt!

Eg håpar våre blømer til bryllupet vårt om 3 veker, for eg har så lyst til å pynte med romantiske peonar :)

Eg skal gå med Mamma sine brudesko, som eg har fått fiksa, det vert veldig kjekt! :)

Patina-H sa...

Peonane er kjempefine :) Eg har sjølv ein kvit ein, og i år har den mange knoppar - hurra :) Synes din rosa er flott !

Susanne sa...

Åhhh... So nydeleg!

Peon er min abslolutte hagefavoritt - eg trur eg berre LYT prøve å plante ein sjølv om eg bur 400 moh. :D

Heldige deg - tre år er jo lenge, men DUVERDA kor flott ein blom!

- S