onsdag, juli 11, 2012

Bærpai


Det fyrste eg har lyst til etter ein lang ferietur,
er ofte å bake...

Då passa det veldig fint at det kryr av markjordbær her,
og minstedokka er flink til å plukke...

Og sidan me kom heim tidleg ein morgon til nesten tomt kjøleskap,
måtte me bruke det me hadde.
Oppskrifta vart slik:

Paibunn:
ca 80 gram smør/margarin
ca 1 egg
ca 3 dl kveitemjøl
Bittelitt mjølk/evt fløyte
Litt sukker

Fyll:
Bringebærsylta
Markjordbær
Klattar med vaniljekrem (utgått på dato..hihi)
Strø med litt mandelflak på toppen

Så finn du ein (evt. gamal) isboks i frysen og har inntil...
Nydeleg!


Ein anna ting eg gjer når eg kjem heim, er alltid å plukke inn alt av blomar frå hagen.
Og i år bugnar det! Det lukta himmelsk i heile hagen,
masse roser og buskar stod i full blom.

Fantastisk kjekt!



 Då håpar eg du har tid til å dikte deg ein bærpai du òg!
Det er nemleg ikkje alltid så viktig å ha ei nøyaktig oppskrift...
Hihi

Lukke til!


2 kommentarer:

Inger Johanne sa...

Kaka ser kjempegod ut, ser slett ikkje ut som ei restekake..hehe. Og det ser ut for at de har hatt ein fantastisk ferie! Me har ferien tilgode, to vakter igjen nå, så pakkar me bilen og fer avgårde! Skal ikkje så langt, men håpar på litt sol og varme!

Klem

boNord sa...

Ser fantastisk godt ut! :)