søndag, oktober 21, 2012

Ei heilt vanleg helg


Det blir visst litt naturbilete her for tida...
Det er så fint ute no!
Så mykje fint å sjå på...

Eg blir visst litt inspirert til å leike meg litt òg...


Om nokon ikkje har skjøna det før,
så har eg altså fått meg ein ny såkalla "smart-telefon".
Ikkje det at den er så smart,
er vel heller eg som må skjerpe meg litt...

Eg trudde faktisk eg hadde ein smart-telefon før òg.
Men den var visst ikkje fullt så lur...
Det eg vil fram til er at det faktisk er kjekt med telefon!
Jodå, eg er hekta..
På Instagram...
Så prøver eg å blogge frå mobilen, 
men der er me ikkje heilt einige mobilen og meg...
Enno...


Men uansett så går verda vidare,
sjølv om eg har fått meg eit nytt leiketøy...

I dag har me vore bøssebærarar,
dokkemor svinsa rundt med bøssa og synes det var såå kjekt!
(heilt til me skulle ringe på dørene...)



Mykje fint å sjå langs vegen...
Jodå, me har høge fjell her.

Huset på det nedste bilete gjekk me forbi,
eg har vore forbi mange gonger før òg...
Så fint der.
Men akk så lenge sidan nokon brydde seg...
men det er framleis tid.

Ei ganske vanleg helg er forbi,
godt med fred og ro.

Fin veke til deg!



3 kommentarer:

Pink lady sa...

Nydelige bilder! Må som jeg kan finne deg på Instagram :)

Ønsker deg en flott uke:)

solihjartet sa...

Nydeleg bilete og så skriv du så fint og vart :)

Takk for at du deler!

Klem

PS: Scones'ane 'dine' er ein stor hit i familien, laga dei seinast i dag til familiebesøk :)

Blogger sa...

Ever wanted to get free Google+ Circles?
Did you know you can get these AUTOMATICALLY & TOTALLY FOR FREE by registering on Like 4 Like?