søndag, november 04, 2012

Det uperfekte...


Eg har vore i svigermor sin hage...
Ein fin novemberdag,
ein skulle tru det ikkje var noko fint å sjå...

Men kva er vel finare enn finast?
Jo, det uperfekte...

Litt poetisk..hihi..
Eg må jo seie at det er noko med alt som er visna...
alt som andre kastar,
som ingen vil ha..
Det ligg litt i orda.

Eg likar det.



Difor har eg fått fin novemberpynt både på kjøkkenet,
og i stova...
..som viser min nye krok...

Eg har nemleg fornya stova ved å flytte heile bokhylla vår ut i gangen.
Det gjekk heilt fint!
Litt protestar var det jo,
men det må ein rekne med...

No vart det luftig og lett i stova...

Eg likar det òg...

Ha ein fin ny vekestart!
Brått er det fredag igjen...