torsdag, november 22, 2007

Utruleg kjekt!

Ja det er utruleg kjekt at nokon gidd å lese bloggen min!! Eg seier ikkje så mykje klokt her inne, men eg prøver å dele gleda over å lage noko.... med nokon... som kanskje òg har den same gleda... kjekt er det iallefall! Det vert liksom ei meining med alle desse bileta eg stadig tek i heimen... likar å sjå huset mitt og ting eg lagar frå eit fotoapparat (tjihi), litt rart kanskje, men dei som likar sånt veit kva eg meinar....
Og i mitt hus er det ein salig blandig av alt mogeleg....her er eit par eg tok no nyleg...
Ei tallerkenhylle treng så visst ikkje berre innehalde tallerkener... her har eg kledd dei stygge kokebøkene mine i stoff...

Her er eit glimt av den syre-luta hylla som har fått eit strøk maling og no er fyllt til randa av alt mogeleg.... (og eg som ikkje likar nips)... men det er fort gjort...Øverst er eit lite glimt av adventspakker...dei skal supplera posane eg har laga. For ho mor i huset (meg) var så lur at ho istaden for snop og sjokolade ville finne på noko nytt i adventskalenderen..det vart bestillt masse "smått" frå panduro, altså små boksar maling og ting i tre og spon som kan malast, så har største-jenta noko å driva med fram til jul tenkte eg, men det viste seg at alt det småtte eg kjøpte var stort... difor gjekk det ikkje oppi posane eg har laga....vips så vart det pakkar av det. Sånn kan det gå, men eg trur fortsatt at det er ein lur ide, så gjenstår det å sjå om ho likar det...

Og her eit glimt av sofakroken...(litt stygt bilete..?). Kven har sagt at ein må ha dyre tapetar for å friske opp i heime..? Her eit stoff frå stoffogstil.no, eg vert sikkert lei det snart og då er det mykje raskare å byte ut eit stoff enn å tapetisere på nytt...

Og til sist vil eg vise kvar den fine lampen min har havna... den er kjøpt på Patina på Evanger, dei har nettbutikk òg (evanger.net)... litt uklart og rotete bilete, men men... kan vise eit nærbileta av den seinare... kanskje nokon vil synes den er litt liten over dette bordet, men eg vil seie at den passar akkurat! For eg vil ikkje ha noko svær lampe der... og lyset er akkurat passe til storasyster som ofte havner med leksene sine her...(kvar dag...)





2 kommentarer:

Brit. (lille meg) sa...

Hei noralill!

Jeg kom over bloggen din helt tilfeldig, men det kan ikke være så mange som har oppdaget den ennå?
Så mye fint du lager!
Artig å besøke andres blogger og kanskje få litt inspirasjon, selv om jeg ikke akkurat er noe ihuga håndarbeidsmenneske.

Brit. (lille meg) sa...

Hei igjen!

Nå har jeg lest gjenom hele bloggen
din, og du har så veldig mye fint!
Jeg vil linke din side til bloggen
min,så kanskje andre også kan oppdage den.
Ha en god søndag !