tysdag, april 01, 2008

Dåp...

Litt bilete frå borddekkinga...måtte ha litt fleire små-bord i stova...her eitt med plass til to... Til bordkort laga små fuglar i kartong og klipte ut, desse sette eg på tørre greiner som eg la på servietten på kvart fat...fekk ein litt fin effekt synes eg...ellers brukte eg kvite roser og nokre nydelege lilla blomar (som eg desverre ikkje veit namnet på) dei liknar litt på lyng til bordpynt...














Ja då var me ferdige med dåpen. Heldigvis gjekk alt etter planen og eg trur alt var bra! vetla/stora dåpsbarnet var iallefall i strålande humør og likte både alle folka og å få vatn på hovudet. Straks etter dåpen var unnagjort tok ho seg ein liten runde for å helse på andre kyrkjegjengarar...Ja, ho spaserar no...er så flink! Det vart nok ein litt uvant dåp for både prest og oss då dåpsbarnet ho sat å vogga i takt med orgelmusikken....
Men kjekt var det! Masse fotte gåver! og mange fine kort, som det stod mykje fint inni....tusen takk alle saman!



Kanskje det kjem fleire dåpsbilete etter kvart...

5 kommentarer:

Tea Kristin sa...

Så nydelig du har pyntet bordet!! :)

Anonym sa...

No blei eg jammen stolt av mine kreative kunster når kortet eg laga var avbilde på sida di! Kjekt!

Rosa sa...

Så flott bordpynting! Reint, enkelt og kreativt :)

Høyrdest ut som det vart ein bra dag for alle involverte. Sikkert ekstra moro for prest å faktisk få kontakt med eit dåpsbarn ;)

Brit. (lille meg) sa...

Så nydelig bordpynt! Du har tydelig estetisk sans! Selv er jeg ikke flink med slikt, er ikke så kreativ.
Flott var det.
Ha en fin uke, og kos deg med lillejenta....

liven sa...

Hei!! Åh så fint det var pyntet her da!! Nydelig:O)