tysdag, april 22, 2008

Ja eg er her...

Eg er her enno, og faktisk så har eg overlevd jobbstart!! Jippi!!

Mykje skjer for tida og eg rekk ikkje tenke over at dagane fyk avstad. I helga var det bursdagfeiring på eldstemann (17 år!!), ja det er heilt utruleg å ha så store born. Samtidig var det NM i volleyball, der eldstemann er med å spelar. Så innimellom kakebaking og besøk, så har me heia og ropt laget fram til ein god plassering! Men ettersom me ikkje brukar å heie og rope så mykje heime, så vart jo vetlejenta lettare vettskremt då ho sat på tribunen og voksne (ganske høgrøsta menn) ropa for full hals...så mor måtte tenke fort...midt under kampen, tok eg ei temmeleg tårevåt vetlajente under armen og inn i bilen...Felleskjøpet neste...der hadde dei hørselsvern i barnestorleik!! knall rosa til og med! Så kunne ALLE nyte kampane...etter dette sovna ho til og med under eine kampen...hihi (ein skal jo tenke på alt...)


På jobben går eg framleis rundt og ikkje heilt finn fram og ikkje heilt veit kvar eg høyrer til. Men men, eg tek ein dag om gongen og eg må berre gjere så godt eg kan....men foreløpig trives eg godt.

Og vetlajento har det heilt supert heime med pappen sin! ...ho kjem ikkje springande når eg kjem heim utpå ettermiddagen ein gong...(det er jo litt trist, men mest for meg....). Eldstejenta trives òg med ein pappa heime, no får ho middag når ho kjem frå skulen, og stort sett alltid er det noko ho likar (far og dotter er svært samstemte i matvegen)...Ikkje som når eg er heime og har tusen ting eg må gjera fyrst (og kanskje vente til sola går ned før middag..? Forstår ikkje kvifor me MÅ eta når det er fint vær...??)Ikkje alle er einig med meg der...

Men takk og lov for fridagane mine!!! I dag er ein slik dag, og no skin sola og det er nydeleg ute! Denne dagen skal nytast i fulle drag! Håpar så mange av dykk som mogeleg har samme sjanse i dag!! Ha ein strålande dag uansett!!!

Klem

PS bileta i dag er henta frå den inspirerande nettsida: Print & Pattern

5 kommentarer:

Brit. (lille meg) sa...

Du er jammen snartenkt! Så bra at du kom til å tenke på hørselvern til minstejenta. Så ble alle fornøyd.
Jeg er også glad for å høre at du har "overlevd" de første dagene på jobben. Dette går nok greit, skal du se!
Lykke til!

Rosa sa...

Det var kjekt med livsteikn frå den kanten!

Ikkje greit å vere liten når vaksne mannar sit (eller kanskje står) og brøler om kapp - skjønar godt at ho vart redd. Men då er det fint med ei snartenkt mor, og RÅÅSA hørselvern :)

Håpar du hadde ein strålande vårdag - no vert det visst regn igjen...

eba sa...

Hei på deg!
Gratulerer med ny jobb! Håper du får mange stunder med dei blå koppane dine framover... ;)

Den gode feen sa...

Så kjekt å høyre at det går bra på jobb. Får angst i magen av tanken at permisjonen min er slutt den 20. juni... Jaja, det skal nok gå bra med meg også. Nydelege bilete du har funne fram, skikkeleg inspirerande.

Ha ei superfin helg, desverre er finvèret over for denne gong.
Klem frå Linda

mali-mo sa...

Genial ide med hørselvern! Stakkar liten, en sånn heiagjeng kan jo ta skrekken fra noen og enhver. Jeg rotet meg inn på Brann stadion i en meget viktig kamp (ble jeg fortalt). Da bRann skåret mål reiste tusener av voksne menn seg og skrek og ropte det de var god for. Ble helt skjelven jeg! Så forstår godt lillegullet ditt.

Tøft å begynne på jobb etter permisjonen, det syns jeg også. Har dere fått barnehageplass? Vi har tatt et ekstra halvår hjemme, gått ned i 50% stilling begge to og byttet på å være hjemme med Amalie. Det er skikkelig deilig! Må si jeg etterhvert har fått øynene opp for gledene ved hjemme pappa som lager middag og støvsuger. Mmmmm.

Ha en fin uke!