laurdag, september 13, 2008

Epleland...

Me er så heldige å bu midt i "epleland", og i år er det spesielt merkbart! Det er nemleg eit utruleg epleår i år!! Det lavar ned kor du går! Når me går dei vante turane våre, så ser eg tre som eg trudde berre var tre (fordi eg aldri har sett eple på dei...), no står dei der med greinene stappfulle av stoooore freistande epler!! (skulle teke bilete av det...hmmm....) Og me som det einaste huset i mils omkrets IKKJE har epletre i hagen.... må gjera noko med det kjenner eg....MÅ jo berre gå på epleslang...(ved offentlege leikeplassar og ved heilt avfolka hus, sjølvsagt...) Når eg i tillegg har ei lita jente her i huset som ikkje kan tenkje seg noko betre enn eit saftig eple...kan ikkje trea på vår veg få stå urørte (dessverre)...Me har faktisk stooore problem med å kome oss forbi fruktdisken på butikken...(ho gaular etter "namnam..." som jo då er eple...!) Og me kan jo ikkje kjøpa eple kvar einaste dag, for me har jo....hihi....

Men kva MÅ me berre gjera med desse eplene her i epleland?! Jo me må jo lage ei eplekake! Og eg som elskar kake..og iallefall varm eplekake med kaffi og krem!!




Men kva tru de vetlatrollet finn på når mor stullar og steller og bakar kake...?? Jodå..:

Når mor gløymer seg vekk og lagar kake...tek bilete og gler seg til å smake...då står vetla trultemor å grisar ut heile seg, altanen, bord, stolar og alt!! Ho fekk sjølvsagt tak i ei blomapotte full av vatn og jord (hmmm....og litt pelargonia...) Dette var heeerleg....!
Det er ikkje ei overdriving at ho såg ut som ein skikkeleg arbeidskar etterpå...! Men ho er såpass fisefin at skit på fingrane ikkje er så godt, så alt vart behørleg turka på gensar, jakke og meg etterpå!!

Jadå, sånn kan det gå...men kaka var god den! Etter at me begge vart reine og fine att...! Ha ei fin fin helg alle saman!! Og tuuusen takk for alle kjekke kommentarar!!!


Her er oppskrifta:


125g mjukt smør


150g brunt sukker


2 egg


250g mjøl


3ts bakepulver


1-2ts vaniljesukker


2ss appelsinsaft

og sjølvsagt ca 500g epler i bitar


Rør sukker og smør til det er lyst og luftig. Visp inn to egg, sikt det tørre inn, bland i appelsinsaft, og del epla i passe store bitar og bland inni røra. h alt i ei passe stor springform. Og til slutt hakkar du mandlar og strør over saman med kanel og perlesukker! Steik kaka på 170 grader i ca 1 time... Nam...

Håpar det smakar!




10 kommentarer:

Hulda sa...

Mmm, så fristende dette så ut! Flotte bilder du viser også.

Anja-Elin ♥ Vakre augeblikk sa...

Herlige bilder du har tatt! Den kaka såg veldig god ut! Du får spise eit stykke for meg også.. ;) Det er ein fantastisk flott dag med strålande sol! Nyt dagen! :)

Ha ein fortreffeleg flott dag!

Jorunn sa...

Den kaka så virkelig fristende ut! Kanskje den lille tulla di også skulle lage "kake"? Ja, de er herlige disse små :0) Ønsker deg og dine en fin helg!!

Brit. (lille meg) sa...

Nam nam! Dette så fristende ut,ja!
Jeg har ingen epler selv, og skulle gjerne vært en tur hos deg og kjøpt meg meg noen kilo!
Takk for oppskriften på eplekake som du delte med oss.
Ja, å grise med søle er vel noe av det morsomste småbarn vet om!
Tenker lillepia koste seg så lenge det varte.Hi hi...
godt at du fikk gjort ren både henne og deg da...
God helg, og glem ikke utfordringen fra forrige kommentar...

Vibeke sa...

Herlig at du la ut oppskriften, kan ikke få nok oppskrifter på eplekaker jeg!Det er noe av det beste jeg vet :0)

Ømsker deg en fin lørdagskveld!
Klem

Rosa sa...

mmmmm, skulle ikkje takka nei til ein bit av den kaka der, nei.... Har ein plan om epleslang med påfylgjande kake her òg, men foreløpig har den ikkje vorte satt til live...

God helg vidare til deg og dine!

by Siv sa...

Tusen takk for at du deler oppskrift :)
Denne skal jeg lage når jeg får tid!
*Siv*

SynnePynne sa...

Sås utrolig godt ut med eplekake. Kjenner vann i munnen nå, må neste finne frem de små eplekake muffinsene jeg har i frysen tror jeg:-) Skulle ønske epletrea me har i hagen var store nok til å få eple i år, men må nok vente til neste år.
Hører du har fått en spydkaster i hus, spennande, du må helsa han masse. Me krysser fingere for neste OL.
Håpar alt er bra med resten av gjengen og. Korleis er det i barnehagen om dagen?

Blåbærpai sa...

Oioi! Har arbeid med vetlemor ser eg;-) Ho er no søt òg! Baker vel ho òg! fine bileter og deilig kake!
De får ha ei strålandes fin veke der i eplepeple-land!

Anonym sa...

Mums vad god den såg ut!