søndag, september 21, 2008

Kva stil er dette då?? Mitt vesle kjøkken....

Eg har vore inne på Norske interiørbloggar og kikka...der står det at me snart må til å definera stilen vår slik at me havnar i rett bloggrulle...hmmm Men kva stil har eg då?? Trur ikkje eg veit det heilt sjølv i allefall...Difor går eg til det drastiske steg å vise vårt kjøkken! Kva stil er dette(sjå vekk frå oppvaskfilla som ligg på vasken....hihi)?? Eg har alltid vore fasinert av gamle kjøkken, og når me flytta inn her for omtrent 10 (?) år sidan, så vart eg utruleg glad då eg såg at nokre av dei originale kjøkkenskapa var på kjøkkenet framleis! Eg ELSKAR nemleg skyvedørsskap på kjøkken!! Og veggskapet under og over her er originalt frå huset vart bygd og fungerar utmerket den dag i dag...Det går heilt i taket og er utruleg rommeleg...


Men oppvaskbenken kjem i frå naboen... dei skulle kvitte seg med den og den er frå omtrent same periode som overskapa mine...difor passa den perfekt inn hjå meg. Me heiv ut den "nye" benken frå 80-90-talet og sette inn denne (etter litt måling og flikking), den har skikkeleg rommeleg oppvaskkumme og ein utruleg praktisk utslagsvask! Eg skjønar ikkje korleis nokon klarar seg med desse bittesmå moderne kummane...??
Som de ser av bileta er ikkje kjøkkenet mitt av dei svære og store, men med sine 6m2 er det akkurat så stort at når me sit ved kjøkkenbordet kan me samtidig rydde inn og ut maten av kjøleskåpet og faktisk rydde av bordet medan me sit der...hihi. Dei bygde faktisk veldig praktiske hus på 60-talet...tjhi...Overskåpet de ser ovanfor komfyren er frå den same naboen...og igjen flaks for meg så passa det perfekt inn!!
Og då er me kome fram til dagens loppefunn...eller den er kjøpt på Fretex, men passa på mitt kjøkken...Og sidan eg alltid har det (kjempe)travelt med å få ting eg har kjøpt på plass, så rakk eg ikkje ta noko "før-bilete", før heile skåpet var vaska/skurt og kome på plass...haha...
No har eg endeleg EI skuffe til på kjøkkenet!! Jippi!! Tenk at eg kunne leve med berre EI skuffe på kjøkkenet!! NO har eg iallefall TO...hohohihi...

Eg har nok lyst å skifte knottane på skapet, men enn så lenge så klarar me oss...Men Kva skal me kalle denne stilen då?? Ruske-saman-rask-stilen?? Bruke-berre-brukt-stilen, eller Berre-gamalt-stilen kanskje?? Eller ikkje så veldig gamalt heller akkurat... Nei sanneleg om eg veit... Shabby-er det nok, men chic?? Nei, neppe...(sjølv om eg likar det...)

Eg fant eit par ting til på Fretex, men dei får eg vise ein anna dag...hihi

Og no kom sola inn vindauge til meg...då skal eg UT!! Ha ein fin sundag alle!!!

8 kommentarer:

Haust sa...

Skal bli spanande å sjå kva du definerer stilen som til slutt, vi har nemleg også framleis det plassbygde kjøkenet som har vore i huset sidan det vart bygd på 50-talet. Og eg hadde ikkje bytta det ut for nokon pris! :) Praktisk, enkelt og sjarmerande!

Så må eg berre seie at eg kooosar meg her inne på bloggen din, det er ei sann fryd å ta turen innom deg!

God søndag!

Rosa sa...

Utruleg praktisk kjøkken, ja, når ein kan gjere alt sittande ved kjøkkenbordet!

Så fine Rooooosa og turkise kjøkkenreiskapar du har! Og så skimtar eg herleg skuffepapir langt nedi der - skuffepapir er undervurdert :)

God sundag!

PS: Huff, håpar dei ikkje gjer alvor av stil-inndeling på NIB, for då slit eg - Hardt ;)

Vibeke sa...

Herlig kjøkken!
Klarer heller ikke helt å definere interiørstilen min, lever i håpet om at jentene på NIB finner ut at de deler opp etter alfabetisk rekkefølge stedenfor :o)

Ønsker deg en fin-fin søndag!
Klem :o)

Hemmafruns hörna sa...

Underbart! Ditt kök är helt fantastiskt! Varför ska allt ha ett namn och passa in i ett fack? Jag hoppas du fortsätter att ta vara på använda möbler och saker - det är inte bara miljövänligt, men blir såå personligt.

Anonym sa...

Åååh vilket mysigt kök :)

SynnePynne sa...

Eg har faktisk tenkt en del ganger på at jeg kanskje skulle ha spart de skapene som var på kjøkkenet her før vi pussa opp. Det var slike som du har. Jeg husker jeg nebnte det, men fikk lite gehør for det kan man si. Lurer på om slike skap er å få kjøpt hos noen kjøkken leverandører?

Anonym sa...

Hohoho.
Måtte bare legge igjen en komentar da jeg såg jeg var nr 10000 på bloggen din..hihi
Har ikke fått lest på bloggen ennå, men gleder meg:)

Anonyme frk. Johansen

Fjordheim sa...

For et koselig kjøkken. Jeg hadde slike skap i det forrige huset og angrer på at vi ikke fikk satt inn det her. Ikke mange dager siden jeg satt på kjøkkenet og tenkte hvor godt det hadde vært med de skapene med skyvedører. Og som du sier. De rommer så utrolig mye.
Jeg er heller ikke sikker på min stil. Har nok mest litt raske sammen stil. Litt herfra og litt derfra som jeg prøver å få til å passe sammen.
He en flott dag :)