Det er vel strengt tatt ikkje eit reinsdyr...hmmm Men ein kronhjort får vel duga som erstatning...For dei som kjenner den att så stammar den frå loppis tidlegare i haust. No er den kome ned frå hylla over ovnen og etterkvart er planen å kanskje ha advendtsljosa rundt den?? Eg likar den fortsatt veldig godt, og den er akkurat passe stor og blank...hihi

Akkurat no kjenner eg meg mellom barken og veden...eg berre går å ventar på å få setje i sving med litt adventsførebuing...
Difor har eg vore ein tur til næraste handlestad i dag! Jippi! Eg berre lengta etter å sjå julepynt og stas i butikkane...men eg vart faktisk litt skuffa...Det verkar som den gamle julepynten vert dregen fram år etter år...Eg må verkeleg reisa langt avgarde for å få litt inspirasjon...Så full skjerpings Voss!! Eg MÅ visst til Bergen!!
Og der veit eg det akkurat er komen ein butikk som eg iallefall skal innom før jul;
Farmors Hus...sjekk ut bloggen! Denne butikken var før berre i Isdalstø, rett utanfor Bergen, men no er den komen til Åsane!!Jippi!! Det vert litt nærare iallefall...

Imellomtida blar eg i mitt Boligliv.... på jakt etter den evige juleinspirasjonen... Som eigentleg ikkje er vanskeleg å finne, men som berre er god å kjenne på når den er der....

Heilt til slutt lurar eg på om det er fleire enn meg der ute som leitar etter ei fin julekrybbe?? Eg har tråla nettbutikkar men finn ingenting der...og sjølvsagt ingenting på Voss heller...Nokon som veit??
Ha ein fin laurdagskveld! No ventar sofaen...
Tudleidu....