fredag, juli 31, 2009
Ein regnvêrsdag...
Lagt inn av Noralill kl. 11:22 f.m. 8 kommentarer
tysdag, juli 28, 2009
Huset i hagen...
For nokre år sidan sette me opp ei hytte i hagen. Dette var mest med tanke på ungane som var blitt så store at dei trengde ein stad dei kunne vere i fred. Sidan me ikkje har verken stoore soverom eller kjellarstove, så var det kjekt å kunne samle vener til både overnatting og anna...
Må berre presisere at hytta er eit laaangtidsprosjekt, for den er ikkje heilt ferdig enno. Taket inne skal isolerast, og er difor ikkje malt enno. Me har planar om å legge inn strøm, men foreløpig klarar me oss med skøyteledning. Hytta er mykje brukt av dei to eldste. Eldstejenta kan finne på å ligge der heilt åleine...Dei har tilogmed hatt gjester der ute midtvinters. Med då måtte me til med oljeovn, for det vart kaldt sjølv for hardbarka ungdommar. Men no fant eg ut at eg ville ommøblere litt...Hytta skal vera fin sjølv om det er ungdommane og ikkje mammo som brukar den mest.
Lagt inn av Noralill kl. 1:31 f.m. 8 kommentarer
søndag, juli 26, 2009
Eit av dei andre bruktfunna eg gjorde i Danmark var denne vetle spegelen. Synes den var så søt, og passa akkurat til vetla dokkemor som er begynt å spegle seg i smug....
Lagt inn av Noralill kl. 12:19 f.m. 12 kommentarer
torsdag, juli 23, 2009
Dokkeservise...
Lagt inn av Noralill kl. 4:04 f.m. 16 kommentarer
måndag, juli 20, 2009
Endeleg!
Eg er ei av dei som i alle år med baking har klart meg heilt fint med ein stor bolle og ei skikkeleg sleiv...Og eg har faktisk ærleg og oppriktig synes at det gjekk heilt fint! Kven treng vel dyre maskiner til raskt å røre saman ein bolledeig??
Men det var før....Lagt inn av Noralill kl. 1:34 e.m. 15 kommentarer
søndag, juli 19, 2009
Heime igjen...
Jammen er det godt å reise litt! Men jammen er det godt å kome heimatt òg... Etter vel ei veke i Danmark trur eg alle var godt fornøgde med ferieturen i år.
Me leigde eit stort hus utanfor Ebeltoft, med plass til alle 23 av oss. Rett nok måtte nokon av oss sova i eit tilhøyrande anneks, men det gjekk heilt fint. Fyrste dagen var det regn og litt kaldt, men utover veka vart det varmare og varmare...
Å reise så mange i lag er ikkje berre enkelt, men i år som dei andre åra har dei enkelte familiane "frie tøylar" heile dagen, me treng ikkje vera saman heile tida. Men EIN felles middag synes me er kjekt, og i år vart det grilling...
....medan mor ligg på stranda og solar seg....sukk, livet er herleg...hihi Nydelege blomar som veks i Danmark...eg anar ikkje kva dei heiter... No er det utpakking, førstehjelp på alle uteblomar, plenklypping og klesvask som står på programmet! Godt det er sundag! Ha ein fin dag!!
Lagt inn av Noralill kl. 1:09 f.m. 14 kommentarer
onsdag, juli 08, 2009
Nye koppar! Jippi! Som premie til meg sjølv etter å ha vore på verkstad med bilen...(skikkeleg bale!) kjøpte eg meg nokre nye Greengate-koppar. Synes eg fortjente det etter å ha måtta reisa 8 mil i denne varmen uten air-condition!...det var nemleg det me skulle ordne..
Og når vetlatrulto i baksete ikkje er meir tolmodig enn at når det er gått eit kvarter, klagar ho over bortimot alt. Men litt "nammedott" gjer underverk i ein varm bil...(smurfedrops..)Her er det full pakkesjau...snart er me avgarde til Danmark! Både store og små blir med, og det gledar eit morshjarte ekstra!! Superkjekt at eldsteguten og jenta fortsatt synes det er greit å vera med på tur..Me gler oss!
Lagt inn av Noralill kl. 5:05 f.m. 15 kommentarer
måndag, juli 06, 2009
Eg har visst litt stillstand på bloggen for tida, det er ikkje mykje som skjer interiørmessig her hjå meg nett no. Difor måtte eg rett og slett finne fram nokre bilete frå mai i år. Korgstolane på bilete ovanfor er for tida mest hagemøblar no, spisebordet er i uthuset klart for pussing og ny maling. Så litt seinare kan eg kanskje vise litt freshare bilete...hihi. Men brødboksen nederst er ny, eller eit skikkeleg godt bruktfunn til ein 50-lapp...kva eg skal bruke den til er eg litt usikker på, kanskje oppbevaring av serviettar/lys osv...?
Lagt inn av Noralill kl. 11:42 e.m. 7 kommentarer
søndag, juli 05, 2009
Sommarfest...
Kvar sommar i årevis har me hatt ein tradisjon i nabolaget hjå oss, me samlar oss nemleg til ein skikkeleg hagefest! I år var det vår tur å halde kalaset.
Dette er absolutt ein fest av det meir avslappa slaget, dagen vert bestemt to tre dagar i førvegen og alle sprer me ryktet så godt me kan til alle som er heime i nabolaget...Me gjer det alltid så enkelt som råd er, og i år hadde me reker, vin og godt brød. Alle bidreg med litt, så blir det mindre på dei som steller i stand. Alt me gjorde var å dekke bord og finne fram nok stolar...Og sjølvsagt pynte litt med roser frå hagen...
To store langbord, og eit litt mindre på enden...og nesten 20 stk klarte å finne vegen i år. Superkjekt og heilt uhøgtidleg, akkurat som eg likar det! Kjempekjekt å ha så kjekke naboar at ein faktisk kan kose seg saman slik ein gong i året (iallefall...).
Håpar alle har hatt ei strålande helg! Eg tek tidleg kveld...av heilt naturlege grunnar...Lagt inn av Noralill kl. 12:41 e.m. 7 kommentarer
fredag, juli 03, 2009
Litt nytt på kjøkkenet...
Som de ser så hadde eg ei tavle på kjøkkendøra...Den vart i si tid laga i "hurten og sturten" av ei hylle i eit av skåpa me har teke ut av kjøkkenet.
Den har vore i flittig bruk kvar dag i 10 år... veldig kjekt for ei glømsk mor som meg...skriv difor alle avtalar ned på den + liste for middagsmat for komande veke...Det seier seg sjølv at i lengda vart den altfor liten. Difor fant eg den gamel tavlemalingsboksen og sette i gang med å male heile døra med tavlemaling. No har me meir enn nok plass til alle avtalar + at trultemor kan teikne så mykje ho vil ...
Lagt inn av Noralill kl. 4:10 f.m. 9 kommentarer