Det er ikkje lenge sidan eg ommøblerte litt i heimen (stova), men eg vart ikkje heilt fornøgd. Det var ikkje det at det ikkje vart greit nok, men meir det at den beste kroken var litt vond å sitje i.... Eg hadde ein korgbenk frå IKEA i denne kroken før, og me kan seie mykje om IKEA (eg klagar IKKJE), men den egna seg lite for ettemiddagskos med vetla trulto på fange (...og kaffikoppen og avisa)...joggebuksa på og tendens til å ville spenne beina litt opp.
Difor måtte eg tenkt litt, og resultatet var å ta inn att ein gammal divan eg kjøpte for 6-7 år sidan på
Patina..Den har stått ute i hagehytta vår og egna seg som seng for ei natt og to til spreke ungdommar. Men det er lite overnatting der ute om vinteren, difor står den no og innbyr til ettermiddagskos for (nesten) heile familien... (haha, sjå det for deg...)
Medan eg les avisa prøver truletemor "sprett-eigenskapane", det er veldig god fjøring i slike gamle divanar! Her ligg me altså å kosar oss med fyr i ovnen kvar einaste ettermiddag...Det er verkeleg blitt ein populær stad for både liten og stor...
Merkeleg det der me har jo sofa...hmmm, men eg likar meg ikkje på sofaen, og unngår helst å sitje i den (iallfall ikkje før etter kl 8 om kvelden)...kanskje fordi den står for nær fjernsynet?? Fleire som meg der ute, kanskje??
I morgon er det laurdag og eg skal på min fyrste shoppingtur på over 6 veker(!). Ja det er sant, eg har sjølvsagt handla mat, men slik er livet i distrikts-Noreg. Laaaaangt å køyre og stygge (stengde) vegar, gjer at det går ei stund mellom kvar gong. Men i morgon har eg planar om brukbutikk-handling og juleførebuing! Jippi! Gledar meg!!
Ynskjer alle super-kjekke bloggarar og andre der ute ei super-duper helg!!