Ja, lyse gule er desse nye bruktfunna mine...hmm Eg er vel framleis ikkje HEILT sikker, men eg synes dei er ganske fine! Litt uvant med lys gul (no må eg vel mala den knall gule saken eg har på kjøkkenet...). Uansett har eg leita etter nye kjøkkenstolar ganske enkelt fordi dei gamle, som var godt brukt før dei vart mine..syng på siste verset...
No har eg to som er like den EINE svarte eg hadde frå før..men pytt kjekt å blande fargar...fint òg. Eller??
No gledar eg meg berre skikkeleg til byggeplanane våre vert sett ut i livet (nye teikningar kom i dag)! Her på kjøkkenet, for eksempel blir spiseplassen skubba 4 meter ut! Jippi! Snart har me god plass til alle mann rundt bordet! Og då er det jo viktig at me har nok stolar...hihi
Som vanleg etter middag i dag, fekk eg lyst på noko godt...(er visst ei slags sjukeleg last eg lir av...grrr). Og som ei oppvarming til englandsturen eg og eldstejenta skal på om ei vekes tid, ville eg bake scones...fant ei oppskrift på nett (men huskar ikkje kvar). Desse var kjempegode! Til og med mannen i huset lika dei (og det er ikkje vanleg...)...knallgode med smør og syltetøy.
Oppskrift:
300g kveitemjøl
2 ts bakepulver
80 g smør
1 1/4 dl mjølk
60 g sukker
2 egg
Eg blanda alt saman i kjøkkenmaskina (eg smelta ikkje smøret), og klappa til slutt ut deigen og trykte fine kaker med hjerteform...
Nam...