torsdag, juli 22, 2010

Dokkehus...

Me har vore på ein liten miniferie hjå mammo/bestemor og regnet høljar ned! Difor er det ekstra kjekt å sjå at me faktisk har hatt flott vær litt tidlegare i sommar...Desse bileta av dokkehuset var teke før me reiste. Huset til dokkemor er omtrent ferdig...det kjem nok til å endre seg litt etterkvart, men akkurat no synes eg det var ganske koseleg...
Me har rett og slett brukt litt av alt me har frå før...ingenting nytt! Og fargane inni vart til av dei malingsrestane me hadde frå før...


Ei stolt jente, som fekk lima på bokstavana sine på døra. Dei fekk ho i adventskalenderen til jul i fjor...




Møblane hadde ho på rommet sitt, no får dei stå i hytta ei stund. Den gule hylla er eit loppefunn eg har hatt liggande...no spraymala og fin.




Dokkemor har sjølv gjort alt klart i hytta..dekka bord og sett ting og tang i hylla si. Kjekt med ein liten "friplass" for 3-åringen...

Me andre ventar framleis på snikkarane som skal bygge tilbygget vårt. Dei har ferie no, og etterpå kjem dei til oss! Det er iallefall planen...me synes det er kjempespennande!

Medan me ventar har me laga ein ny veranda som skal målast, nok å gjer med andre ord!
Håpar sola skin på deg!
 (Og snart på meg òg...hihi)

11 kommentarer:

Helene sa...

Så fint lekehus! Ekstra sjarmerende med gjenbruk :)
Vi planlegger også lekehus til sønnen vår, men har ikke bestemt oss for hvilken modell vi skal ha ennå. Er det lov å spørre hvor deres er kjøpt?

Noralill sa...

Ja, det er det! Dokkehuset er ei gåve frå besto og besten, det er kjøpt på det lokale Byggeriet..men reknar med dei har slike "overalt"...

Spire sa...

Hei.
Kjempefint dokkehus! Vi har også planer om å lage dokkehus til minstejenta, med samme navn som di.. :) Er litt usikker på om vi skal kjøpe byggesett, eller lage den selv..
Koselig blogg du har her,- stikker sikkert innom igjen! :)
LenaE. (Ikke noe sol her heller..)

Anonym sa...

Så koselig hun har fått det i dukkehuset sitt. Lurt å bruke det man har og den gule hylla ble veldig fin i den gulfarga.
Morsomt når dokkemor har hengt opp sine egne bokstaver, det er jo tross alt hennes stue :)
Her er det bare regn, regn og atter regn....Vil ha sol nå.
Ha en fin kveld.
klæm

linn sa...

heldige dokkemor!
Huset er kjempefint :O)

Jannicke sa...

Så utrolig koselig! Veldig kjekt med et slikt dukkehus, det vil hun nok ha glede av leenge!
Likte gråfargen på gulvet, kan du røpe fargekoden på den?
Klem J.

LIVS LYST sa...

Så koselig å ha et eget lite dukkehus!!!

Liv ;O)

SynnePynne sa...

Hei hei!
Så kjekt å sjå korleis hytto dekans blei. Her maler me for harde livet om dagen, i håp om at Alida kan flytta inne snart. Men maling må dessverre tørke og det tar tid :-)

Håper alt er bra med deko, men skal til på ei ny arbeidsveke. Men er lova kjempe fine ver i helga, så skal myta båten litt først.

Ha ei fin helg.

klem

SNILLPIKE♥ sa...

Nydelig dukkehus dere har. Og så flott med gjenbruk da.

Ungene, og jeg, ønsker oss masse en lekehytte i hagen. Men blir nok ikke i år.

Ønsker deg en flott uke, klem.

Rikke - fargesirkelen sa...

Me like!

Annelie sa...

Åh vilken fin stuga!