Litt fornying her hjå oss for tida. Det eine tek liksom med seg det andre...me synes me treng opprusting både her og der. Nytt sofatrekk vart det no i helga! Jippi! Eg har venta på dette leeenge...heilt sidan eg såg at IKEA hadde laga grå trekk til Ektorp...No har me bytt trekk og eg synes det vart veldig bra.
Julekrybba frå i fjor er teke fram att, til stor glede for dokkemor som stadig er bort og leikar med figurane. Difor har eg i år laga det litt barnevennleg, med lite som kan velte eller bli øydelagt...
Det kvite skapet i stova har fått ein omgang med målarkosten og blitt lys grått. Det passe jo perfekt, hihi...
Det kan jo hende at eg er inne i ein litt grå periode...
Adventstaken var til litt i hurten og sturten på sundagsmorgonen, rett og slett fordi eg hadde gløymt heile adventen...(ja det er mogeleg...haha).
Litt av grunnen til at eg har vore litt distrè er rett og slett at me driv og skrur saman kjøkkenet vårt(!).
Juhu, me har kjøpt nytt kjøkken! Og då kan du tenke deg korleis det ser ut DER ute...
Ikkje noko å vise fram enno iallefall...Det gamle kjøkkenet er skrudd ned og teke ut, og alt som var inni står rundtomkring...
Ei mager trøyst er at det berre er eit midlertidig rot.
Gleda må vera at alt sikkert vert klart til jul!
Me gler oss!
Men no må eg pakke pakkar...24 små gleder skal pakkast og hengast opp.
Velkomen desember...(eg er nesten klar...hihi)