søndag, mai 29, 2011

Løysinga på eit "problem"

Ja, heilt sidan me var ferdige med kjøkkenet er det ein del av det som sjeldan er blitt fotografert.
Det er nemleg denne vinkelen du ser på bilete ovafor her...

Grunnen har ganske enkelt vore ein ufyseleg stikkontakt midt på veggen (!) attmed vifta...
No er stikkontakten lagt inn i vifta, men ledningen er der og med den ein liten rund plastboks...
...framleis midt på veggen.

Kva gjer ein med det?
Dette har eg tenkt på leenge...

For ei stund sidan kom eg brått på løysinga. Jippi!
Og no har eg gjort det...
Måla ei plate (hylleplate frå gamlekjøkkenet) med matt måling.

Pure color dyp mocca

Den er ikkje berre til pynt, den er
både til å skrive middagslister og avtalar på,
og skjule den utruleg malplasserte ledningen...

To fluger i ein smekk.
Slikt likar eg.
Dei som har følgt meg ei stund,
veit at eg har ei heil dør som er måla med tavlemaling, kva gjer eg så med den?

Jo, den blir kvit att...

Det kan iallfall vere slik ei stund,
til eg kjem på ein betre idè...

Helga har gått med til å slå plenen, setje opp lister som manglar, støvsuge og rydde og 
 lage mat til heile flokken som har vore heime i helga!

Ei ny veke ventar!
Kjekt!

13 kommentarer:

Anonym sa...

Kjempeflott kjøkken! Og så fint det var med trefjølene mot den sorte veggen! Ha en god dag. Hilsen Alexandra

Anonym sa...

svigermor har samme problemet, men litt lenger nedpaa veggen kanskje og overskap ovenfor - sa hun har et fint brett staaende oppe til pynt og til aa dekke den urstygge stikk kontakten slik midt paa veggen - kjempe fint ble det!!!
Ha en fin fin ny uke!!

mali-mo sa...

Så ikke det helt for meg jeg, men syns det ble fint med den tavlen opp langs veggen ;)

Og takk for fin ord som smelter mammahjertet ;) Ja ha ER skjønn hihihi (stolt) ;)

Her har eg egne "ledningsproblemer" har akkurat regnet ut kostnadene på å kjøpe fine runde stikkontakter til lillebrorrommet istedenfor de vanlige ikke så fine...godt det kommer skattepenger snart ;)

Stor klem til deg!

Loppedilla sa...

Kjempefint kjøkken! veldig rent og nordisk!

Inger Johanne sa...

Kjempegod ide på eit kontaktproblem! Eg gler meg veldig til verda blir heilt trådlaus, eg. Syns ledningar og stikkontaktar er ganske forsurande.. Ehm. Men når det er sagt, så er det jo veldig lurt med slike løysingar! Knallfint og lurt:-)

Fin vekestart til deg!

Hem och Lycka sa...

Såå snyggt kök!

kram Mia

Rosa sa...

Jammen er eg glad du fann løysinga på problemet, så me kunne få sjå den delen av kjøkenet òg. Superfint!!

Nina B. sa...

Så smart! Knallstilig kjøkken dere har, det likte jeg virkelig :)

Ha ei finfin uke!
Klem Nina

Vigleik sa...

Jeg syns kjøkkenet var super lekkert. Skulle ønske jeg hadde en sånn svart tavle. Misunnelig på den. Har dere en tavle eller er det tavlemaling på veggen?

Vigleik

Vigleik sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Brigg sa...

du har så fiint hjem! inspirasjonskilde nummer en!

Art by Mona Duaas sa...

Kreativt! Og både kult og nyttig, da - ikke verst! :)
Stilig kjøkken!

Sommerjenten sa...

For et lekkert kjøkken! Helt etter min smak :)