laurdag, juni 04, 2011

Ei god langhelg


For meg og ungane har det vore ei god langhelg.
Ho er vel ikkje over enno,
men det nærmar seg...

Eg ser at bloggverda er full av peonar for tida,
det forstår eg godt!
Desse fekk eg overraskande nok,
av mannen i huset...
takk.



Sola er komen til vår del av verda,
eg kjennar at det er knallgodt, og vel fortjent, faktisk.

På plenen ligg hoppeballar og diverse anna...det er som det skal vera.

Me har vore så heldige å få vera i endå ein konfirmasjon i helga.
Ein flott gut,
ein flott dag,
og eit flott selskap hjå systere mi...



Etter ein dag full av inspirasjon er det lett å finne på masse når ein kjem heim.
Eg rydda kontoret,
rydda dokkemor sitt rom, ommøblerte,
flytta litt på kjøkkenet,
og vips fekk eg gjort masse på ein dag!

Eg håpar sola skin i morgo òg!

Kjem snart att...



2 kommentarer:

loppelilla sa...

Takkar dykk alle for at de var med på å laga dagen heilt
super!! :-) Klem

Anonym sa...

Hei! For en nydelig blogg du har! Veldig inspirerende, tusen takk for titten;)