onsdag, juni 29, 2011

Morgonstemning og "ny" bordplate

Ein herleg morgon,
roleg og stille start på dagen,
radio og eit kjøkken for meg sjølv...

Nye flotte blomebukettar frå barnehand dukkar stadig opp,
fyrste rosa frå hagen er med..

Så måtte eg berre vise den "nye" bordplata mi,
kva synes du??
Min kjære mann var så lei av alle flekkane i kvitmålinga at han pussa heile plata.
Kanskje den berre skal vera slik ei stund?
Men alt endrar seg når bordplata er av tre,
lyset og stemninga i rommet vart ei heilt anna...

Eg veit ikkje,
treng litt tid...


Og kven har sagt ein ikkje kan ete kanelbollar til frokost?
Som eg hadde skrive i førre innlegg, så vart det bakedag i går...
Men no er det nesten tomt...
alle bollane fekk bein å gå på i eit hus med mange store og små...

(sjølv om eg kanskje åt flest..hihi)

Eg veit at det regnar,
men det er så utruleg lite å gjera med...

Ha ein flott dag!

11 kommentarer:

Wilhelmine sa...

Hei, så fine bilder på bloggen din, her vil jeg kikke inn mere, la meg til som følger hos deg jeg;) Ha en fin uke videre, hilsen Wilhelmines blogg

Hyttehuset sa...

For ein herleg kjøkken du har. Kjekt å sjå oversiktsbilete. Og så er det jo kjekt å renske ei bordplate innimellom. Me er vel kanskje fleire som kunne/burde ha gjort det. God veke til deg.

Jannicke sa...

jeg syntes det så fint og "rent" ut med den bordplaten. jeg ville ihvertfall hatt den slik en tid - før du evt behandler den /maler den.. :o) dumt å male med det samme, hvis du skulle angre.
Fikk lyst å bake i dag - og enda mer etter å ha sett dine vidunderlige skillingsboller... været er ihvertfall perfekt til baking!
Fortsatt god sommer til deg!

Klem J.

minimum sa...

saa finbordplate!!! Haaper ho faar bli litt jeg da!!

IJ sa...

Så deilig med ei stille morgonstund! Og ein kan sei kva ein vil - lyset no midtsommars kan ingen ta ifrå oss! Lyst nesten døgnet rundt. Så får det vel snart ha regna frå seg. Eg er iallefall vatna nok..;-) Nydelege bilder frå deg, som vanleg! Syns faktisk bordet var lekkert i "trefarge", og tenker at det gir noko ekstra til rommet som ellers er så reint og enkelt. Eit ørlite stilbrudd, som berre gjer det heile meir interessant. Syns eg då. Men hadde det vore hjå meg, hadde eg sikkert gått og lurt på det same, som eg så ofte gjer; male eller ikkje male..hehe.

Ha ein fin dag!
Klem

Haglundfrua sa...

Syns bordplata ble ille fin!

Og kanelboller kan man vel spise nårsomhelst? Her i huset inntas gjærbakst til alle døgnets tider. Har man lyst, har man lov, sies det.

Lurer på om det blir en bakedag her til uka, jeg. Denne uka er det jobbing fra tidlig til sent.

Ha en super kveld:)

Her skinner sola og temperaturen har bikke 26 grader. Helt greit, merker jeg:)

Rosa sa...

Nypussa, ubehandla bordplate var fint. Og det er den vel ei stund, før flekkane gjer sitt inntog igjen, eller treet mørknar. men det skjer vel ikkje med det fyrste ;)

regn, regn og regn...eg er utruleg glad for at helga som gjekk ikkje var våtare, når me låg i telt i bygda di. Sundagen var jo den beste me har sett på lenge! Håpar berre helga som kjem òg kan bidra litt til ei heller mager sommarkjensle.

Agathes små ting... sa...

Kjempefin bordplate, fint når den er lys og ubehandlet.
Kanelsnurrer elsker jeg, så det kan jeg gjerne ha til frokost ;)
Klæm fra me

Glede sa...

God fredag! Ja til kanelboller til frokost - i alle fall i ny og ne. Nam! Og ja, været kan man gjøre lite med. Vi må bare nyte sommeren så godt vi kan likvel. :)

Magdalena sa...

vakre bilder og nyydelig bordplate! god sommer!

Anonym sa...

Fine bilete du hadde, også godt å lesa at nokon skriv på nynorsk au.