laurdag, september 03, 2011

Gult er framleis kult...

Av og til når eg går rundt og gjer alle dei daglege gjeremåla,
ser eg overraskande "bilete"..
Som det ovafor, synes plutseleg det gule nattbordet og stolen i gangen,
saman med fargen på veggen og matta på golvet vart litt fint...
hihi..
Har ikkje du det slik òg??
Innimellom ser ein kva ein har...
Ikkje kvar dag...

Grunnen var vel at eldsteguten har fått ei real ommøblering på rommet sitt.
Eg har flytta seng og nattbord,
slik at sofakroken hans vart i andre enden av rommet.
Fint.

Dei som har kikka på bloggen min før, vil nok kjenne att denne divanen..
Den stod i stova før, med samme trekk og puter...
Men men slik er det,
Han toler nok å ha litt blomstrete puter på rommet sitt...

Han er forresten framleis i militæret (HMK), difor hender det rett som det er at
det er mor sjølv som nyt ein stille kveld med ei skikkeleg doku-såpe
på rommet hans..

Eg har forresten fått rydda i kjellaren.
Herleg!
Min kjære mann fekk "trua" meg til å kaste masse,
eg treng nemleg å pressast litt,
eg er nok ein samlar...
(men me kan vel ikkje kalle meg ekstrem-samlar enno...haha..)

Ha ein strålande laurdag!
Klem

7 kommentarer:

Inger Johanne sa...

Herlege gule detaljar! Så kjekt å plutseleg oppdage nye hjørner av huset sitt!

Flinke deg som rydde og kastar! God følelse etterpå, ikkje sant?

Klem

linn sa...

kjekt å oppdage nye vinklar, ja. det blir fort dei same som blir fotografert berre med nye blomar eller andre puter, merkar eg ihvertfall sjå meg sjølv :)

eg er nok og ein samlar...men har ein mann som er god på å kaste. utfyller kvarandre der, hihi :)

ønsker deg ein herleg kveld

-klem

Hyttehuset sa...

Så fine bilete av fine vinklar. Og heldig er du som har fått rydda kjellaren. Hos oss er akkurat det prosjektet for stort for meg førebels, he he. Men ein dag kjem det nok.
God helg til deg og dine!

Anonym sa...

Så nydeleg gulfarge. Har du koden på den?
Silje

Anonym sa...

ja, hi hi. man blir jo litt 'husblind' og synes det meste er kjedelig. men så plutselig får man 'øye på' noe... neste gang skal jeg også ta bilde av det.
såå fine bilder du viste her!
fortsatt god søndag til deg :-)

Noralill sa...

Hei Anonym, gulfargen på nattbordet heiter; signalgul, og kjem frå ein sprayboks...enkelt og greit.

Anonym sa...

gult er kuult ja!!!! JEG MÅ BARE GJØRE NOE MED BARNEROMMA jeg også - OG rydde i kjelleren - men først må jeg bli feridg med fotobok som har leverings dato...