laurdag, mai 26, 2012

Litt nasjonalromantikk...


Er det ikkje flott?!

Tenk å få lov til å bu slik?
Midt i hjarta av Noreg,
midt i ein eksplosjon av VÅR...



Me er nok ikkje åleine, i dette flotte landet vårt,
å bu så fint...

Men uansett kvar du bur,
no har våren (kanskje sommaren? Kven veit?)
vist seg for oss.

Det kjennes som å bu midt i ei Astid Lindgren bok...
Ikkje ein bil å høyre,
berre elvane som brusar..
(nokon vil kalle det elvasus..men ikkje eg..hihi)
..og fuglane som kvitrar,
så langt øyra kan høyra..
(haha)



Men me veit jo alle, at ingenting varer evig...
Difor er det faktisk veldig viktig at me klarar å glede oss medan me kan.

Det gjer eg!


Vetlasyster har fått seg ein rosa håv...
Ho har jakta på sommarfuglar i heile dag.


...men dei flyg berre vekk.


Det er ikkje rart,
dei nyt våren dei òg...

Det håpar eg du gjer òg,
uansett kvar du bur!



4 kommentarer:

minimum sa...

åååååå så fint!!!!

Hanne sa...

Dere bor på et utrolig vakkert sted. Nyt det fine været!

Anonym sa...

Kjekt og se fra Eidfjord, har tilbrakt mange somrer på Tveite (Øvre Eidfjord) hos besteforeldre mine... Minner..

May Britt

Susanne sa...

Åh, gåsehud på heile kroppen! Vakre landet vårt!