onsdag, mai 02, 2012

Ting som høyrer våren til...


Neidå, eg har ikkje lagt ned bloggen,
eg berre fekk det så grusomt travelt her ei stund...

Våren er ofte sånn,
mykje skal opp av grøfta og ut i lyset,
støv flyg både her og der...

Som denne fiine gamle vinballong-korga!
Den kom til meg ein vindfull dag..
hihi..


Synes den passar fint med absolutt ingenting inni.
Berre vere slik den er,
skulle ønske det gjaldt for alt...
(vindauga, støv og skit...haha)


Når sola treff, 
ja så treff den så utruleg fint.
Iallfall på desse søte perleblomane,
som ved eit mirakel finnes i MITT bed!




Glimt av andre ting som høyrer våren til,
dekkskifte og
sykkelvask...

Det har faktisk kome ein liten fin treplatting ut framfor denne døra no.
Ja, den var fin den i stein òg,
men så altfor bitteliten og lav...
Resten av uteplassen vår er ein helle-platting bygd opp av stein...
Skal vise bilete av den snart...

Må nett på slutten her sende ein stor og varm tanke til alle i Øygarden...
Eit STORT sjokk at flinke flotte Aleksander Dale Oen er borte!
Det er sånt som ikkje skal skje....



1 kommentar:

Fine Friminutt sa...

Herlige bilder. Og ja, jeg er enig med deg, den kan bare være som den er:-). Så trist med Aleksander:-(