søndag, mai 18, 2008

Vel overstått 17.mai....

Ja, endeleg kan bunaden pakkast vekk for i år! Den har vore i bruk tre gonger frå mars...Ikkje ofte det skjer. Men i år vart det jo barnedåp for vår vetlejenta i mars og syster mi sine gutar i april. Så no kan eg seie at eg verkeleg brukar stasplagget! Eg synes det er lika kjekt å ta den på kvar gong (om det ikkje er kvar dag...) men det er faktisk ALLTID lika kjekt å ta den av att òg!

For ettersom det kun er på festlege dagar eg brukar bunad, og det alltid på slike dagar høyrer masse god mat til (!), strammar den berre meir og meir utover dagen...(ja eg må berre innrømma det...er ikkje konfimant lenger...). Og når eg utpå kvelden endeleg kan puste ut (og ta den av), er det deilig å slenge på seg ei joggebukse...Me var av dei heldige som fekk sol på 17. mai, og er glad for det! Sjølv om det likevel ikkje var så varmt som det har vore dei siste vekene... Men godt me slapp unna regn og vind i denne omgang...
No er fruktbomstringa over her i hagen, litt trist...MEN det er utruleg kjekt at det finnes andre planter som tar over! Og no er det syrinene eg synes er heilt nyyydeleg!! I hagen min har eg berre ein heilt nyplanta busk frå i fjor (utan blomar endå...), så desse blomane MÅ eg faktisk gå rundt å "nuske" til meg på anna vis...(tjihi) Ja eg veit det er ikkje fint å plukke blomar i andre sin hage...MEN når eg står på utsida av hagen og VEIT det ikkje bur folk i huset...då er det vel LITT lov?? (Eg håpar eg ikkje framstår som ein tjuv her(?)..for eg har ALDRI teke noko anna nokon gong...kors på halsen...). Men syriner i blomst kan eg knapt gå forbi utan å måtte stoppe å berre supe i meg lukta! Det er heilt nydeleg...eg trur det er litt medisin i den lukta...(men eg blir nok aldri kurert for blome-stjeling likevel...hihi)... Ei stund trudde eg dei kvite var min favoritt...men eg veit ikkje lenger...eg synes dei er så nydelege i begge (alle) fargar...Men eg trur den kvite luktar sterkast, her i huset luktar det iallefall godt for tida!

Håpar de kjenner lukta heilt inn gjennom datamaskina....Herleg!
Ha ei fin veke, alle som er innom!
Klem

6 kommentarer:

Tante Mimmi sa...

psst! Du veit vel at dei bløme best dei me knabbar!!;) Eg og har noko i vindaugskarmen som eg ventar på skal få laaange fine røter- og du..der bur det folk! Og det skjedde på sundagstur med ungane! Akk ja! (VAr godt å få det ut!) tihii!

Tea sa...

Syrin er vel den blomsten som lukter aller aller best!!! :) Elsker den lukta! :) Jeg fikk også lufta bunaden min på 17. mai, men det ser ut som det er eneste gangen den får seg en tur ut dette året... :P

Ha en strålende ny uke!

Rosa sa...

Eg har òg ei nyplanta (eller - fjorårsplanta) syrin i hagen min, men den fekk ein så trang start at det nok tek litt tid før den blømer. I år har den iallefall friske skot og lauv, og det loar jo bra :) Lukta av syrin er den beste som fins - det er eg heilt einig i.

Ser forresten at me har same bunadssylja - den er vakker!

Ha ei god veke!

Lille meg sa...

Jeg har også bunad, men den har krympet så mye i skapet i løpet av mange år at jeg kommer ikke inn i den.....
Men jeg er enig med deg; det var fint å ha på bunaden, men det var godt å få den av igjen også....

Og syrin er veldig fint. Den lukter så godt... Jeg har ikke syrin her jeg bor nå, men vi hadde både på gården der vi bodde, og også i barndomsheimen min.
Men på fellesarealet her er det syrinbusker....
Ha en fin dag!):

hjemme bra sa...

Så nydelige syrin bilder.
Jeg liker også disse blomstene veldig godt! Jeg fikk en avlegger fra mor og far, og jeg tror den vil blomstre for første gang i år. Håper det!

mali-mo sa...

Kjente nesten lukten ja, så nydelige syriner du hadde knabbet!Har nok hendt at eg og har vært litt lang i fingrene. Var verre for etpar år siden. En nabo har sånne fine akeleier i et bed, og jeg gikk og drlømte om en avlegger hele sommeren. Men så på seinsommeren setter de jo frø! Så da jeg en sein kveldsstund låg og dyttet blomsterfrø oppi en konvolutt kom selvsagt naboen forbi. GRUSOMT pinlig kan jeg bare si deg...