tysdag, mai 27, 2008

Shopping...

Eg veit at eg ikkje verkar særleg miljøbevisst eller oppteken av global oppvarming og overforbruk når eg brukar denne overskrifta...men det får stå sin prøve...eg er nemleg av dei mange tusen som fortsatt har ei barnsleg glede av å kjøpe meg noko nytt (hihi)...Og tru meg, den gleda varer leeeenge...Men for all del eg brukar like godt brukbutikkar og Fretex som andre butikkar då...(det hjelper vel litt??). Og når eg i tillegg er blant dei mange som MÅ køyre i TO strake timar med BIL for å kome til butikkar som er verd eit besøk, ja så er det vel mange som sluttar å lese her...og berre klikkar seg forskrekka vidare...gulp..(dette var berre ei lita tilståing, tjihi)

Dette fine plastfatet for eksempel kjøpte eg på Patina på Evanger, berre 5 kr! Nydeleg farge synes eg... Og der har dei utruleg mykje fint for tida! Sjekk nettbutikken her
Ovanfor her skimtar de litt av bordet eg var så heldig å FÅ av ei god veninne for ei stund sidan. Det har lenge stått utan maling, berre å venta på at eg skulle bestemme meg for kva farge eg skulle male det...men det er ikkje heilt ferdig enno, manglar å setje i knott i skuffa, difor får de heller sjå resten sidan...men eg lika fargen kjempegodt! Det passa godt inn her i mi ellers så lyse verd... Og her nok eit funn på Patina! Ei herleg strandmatte i plast, som eg brukar som fillerye på golvet på kjøkkenet...nydeleg farge, synes eg...lilla er fint altså...særleg inntil alt det lyse kvite og grå...


Så var eg så heldig å finne ei fin korg (sjølvsagt òg på Patina) som har fått plass i gangen...til alle små huer og hattar og småting til veslejenta...Passar ypperleg...
Nydelege fargar og mønster på stoffet i fôret...Det var vel grunnen til at eg falt for den...


Så besøkte eg og veslejenta Hemtex...der har dei òg mykje fint for tida... eg kjøpte meg blant anna desse putene som eg brukar ute i dei "nye" stolane mine...20 kr stk! Og det var grunn nok til å kjøpe dei...men likte den litt duse rosa-fargen...

Til slutt fekk eg meg ein herleg termos på Hemtex det... Den gjer seg fint ute i sola med akkurat passe mykje kaffi på...

Etter at de no har sett alle bileta og trur at eg har det fantastisk idyllisk for tida...kan igrunnen tru omigjen (iallefall litt omigjen hihi)...rett etter at bilete ovanfor var teke velta heile kaffikoppen utover golvet i hagehytta vår...og klissne barnefingrar klabba over det og grisa ut både meg og seg...tjihi...eg kan le litt no etterpå...men det var ikkje kjekt når det stod på.

....Og grunnen til at eg ikkje kan vise heile det fine bordet i turkis lenger oppe er ikkje BERRE at eg ikkje har fin knott i det...det viste seg at etter at eg hadde malt det og pussla det saman att (bordplata kan du ta av..praktisk..) såg eg at eg hadde hoppa over fire vesentlige stokkar som viste veeeldig godt på sida av bordet...phu! Men eg tek det IKKJE ut att...nei no vert det maling i stova...(igjen)...

Men det er kjekkast å vise solsida av livet her inne... ikkje når ungane skrik og kaffikoppar veltar nedover ei mor som er redd for å ta EITT steg for mykje ALLTID bær ALT med seg på EIN gong! Spesielt når ho skal ut i hagen og "kose seg"...så kjem ho haltande med ein unge i eine handa, radioen under armen, termosen og koppen (gjerne MED kaffi i..hihi) og ei avis frå i går og sikkert ei eller anna leike til å distrahere med og gjerne noko godt å bite i til begge to.....Ja eg håpar det er nokon som kjenner seg att...?hihi...Så er det samme leiken når me skal inn att...Men då er det kveld og me har forhåpentlegvis hatt det LITT roleg og koseleg ute i hagen....tjihi..

....Og det håpar eg de òg har alle i bloggverda! Tusen takk for kjekke kommentarar, eg er innom dykk alle....Ha ei fin veke vidare alle saman! Klem

7 kommentarer:

Tea Kristin sa...

Hei Noralill! :) Nok en gang - masse herlige bilder av superfine ting! :) Jeg synes du skal unne deg litt shopping jeg, om du er aldri så miljøbevisst ellers! :) Og for en herlig farge det var på bordet ditt og den plastkurven!!! :D Vååår! :D

Kos deg i sola! :D

Brit. (lille meg) sa...

Så mye flott du har fått tak i!
Jeg er enig med tea over her, du skal unne deg litt shopping i ny og ne.
Mange godbiter du viser oss her.

Ha en finfin dag!:)

Blåbærpai sa...

HAHAHAAA!
Det med å ta med seg ALT på ei gong er typisk meg òg!!Til mannens undring kvar gong. Eg pleie svara: Jeg er en kvinne i tiden og jeg forventer effektivitet..hi hi. Det er berre at det ikkje blir så effektivt alltid, når avisa dett i bakken og termosen dropler idèt eg skal ta avisa oppatt og strikketøyet vert dradd etter ein pinne og hårstrikken dett ut samtidigt;-)
Fine ting du har kjøpt deg! Eit slikt fat står på kjøkkenbordet mitt og det er kjempefint!!
Tusen takk for award! EG er flau og stolt!
Ha ein fin fin forsommarkveld!

Hulda sa...

Oi, så masse lekkert du har shoppa! Likte alt jeg, og bildene du har tatt er vakre. Så fint det var med lysestaken mot bordflaten. Nydelige detaljer. Den House Doctor kurven var så tøff, likte stoffet inni godt.

Rosa sa...

Du hendelse kor mykje lekkert frå Patina. Trur eg må ta meg ein tur dit (når mannen får lønn, kanskje *kremt*). Og Hemtex visste eg ikkje at fanst i dette området - det må sjekkast, det òg.

Knallfin korg, og akurat passe termos :)

Etter at eg kjøpte meg piknik-korger slepp eg 1000-ting-i-hendene-og-unge-på-armen-leiken, veldig praktisk!

Ha ei god helg!

Den gode feen sa...

Fantastisk kule ting du har fått tak i!! Eg har aldri kome meg avgårde til Patina, og nå er det nok nettbutikken som må benyttast. Desse tinga dine passar jo kjempegodt til kjøkkenmaskina mi, hehe. Ha det godt og ei fin helg!!

eie sa...

Så mye fint du har kjøpt deg:)
Morro å shoppe,det synes jeg også,om det ikke blir så ofte...
Koselig blogg du har,jeg fant deg igjennom Hjemme bra.Titter sikkert innom igjen.

Takk for titten:)Eie.