søndag, juni 01, 2008

Mai blir til juni...

Mmmm...ser det ikkje herleg ut! Ja gode var dei òg...med fløyte og sukker på... Det MÅ jo berre vera SÅ utruleg sunt med jordbær?! Burde kanskje ete det kvar dag...? Det hadde eg iallfall ikkje hatt noko imot...hihi... Ville berre vise noko meir som eg har kjøpt eg...sjå det nydelege gåve-papiret eg plukka med frå Patina (sjølvsagt...hihi)...Kan bruke det på BEGGE sider! utruleg praktisk! Og utruleg billig, berre 39,- rullen! Veit at slikt papir kostar glatt 60,- andre stader...Kjekt for meg iallefall....


Og her er knotten til bordet mitt...synes den passa fint (Patina det òg sjølvsagt...)


Og så ville eg vise kor eg sit og kosar meg når eg har fri (iallefall mellom all springinga etter vetlejenta...hihi). Her kjem sola tidleg i hytteveggen...Me er så heldige å ha ei hagehytte i hagen...skal vise litt av interiøret seinare...(men nett no har eldstejenta hatt ei venninne på overnatting der....og då egnar den seg ikkje så veeeldig til fotografering...) Den er i bruk heile sommarsesongen (og litt til), veldig kjekk å ha for dei eldste ungane når dei har overnattingsbesøk, eller berre vil sjå på TV i fred ein kveld.... De skimtar nok vogna med vetlejenta i borte ved garasjen...(som ikkje er garasje lenger...., for kva skal vel bilen med HUS...... den toler vel vatn??!) Når me kjøpte huset gjorde me like godt garasjen om til uthus/trimrom...hihi..."kjekt å ha"...noko me ikkje angrar på! Det er jo så utruleg mykje som MÅ inn der ....syklar/grasklippar/ved/hagemøblar..osv...



Og til slutt nokre utruleg skjønne blomar eg går forbi kvar dag...dei veks i grøftekanten og er så yndige og søte at eg berre MÅ ta dei inn...(anar ikkje kva dei heiter...) Dei passar godt til den svale turkise fargen på bordet synes eg....

Ha ei fin fin veke alle saman! Og tusen takk for alle hyggjelege kommentarar! Klem

4 kommentarer:

I eit hus i ein dal sa...

Hurra for fyrste sommardag!
Blomen heiter forglemmeiei!!
Det trudde eg du visste:)
Snakkast til helga..

Blåbærpai sa...

MMM, jordbæra såg deilige ut!
Og som "I eit hus i ein dal" skriv, blomane heiter " Forglem meg ei".
Og kor lurt med trim rom i garasjen og hus i hagen!! Noko slikt burde me satsa på! Har eit uthus som me har hatt planar med leeenge men det vert visst berre med planane ei stund til!he he
Ha ei god veke framover!

Rosa sa...

mmmm, det såg nydeleg ut! Og så praktisk med fleire små hus til ulike føremål på tomta :)

Ha ei god sommarleg veke!

Tea Kristin sa...

Så deilig med ei hagestue!! :D Det nederste bildet ditt var utrolig fint - og blomstene er kjempeskjønne! :) Ha en strålende ny sommeruke!!