tysdag, juni 17, 2008

Tema: raudt og ein liten utfordring...

Eg synes desse fargane er ein nydeleg kombinasjon...




Det fine raude putetrekket fekk eg som barselgåve av mi kjære storasyster...ho har utruleg god smak!!
Når eg kikka i skapet for å leite etter serviettar til bursdagen her for ei tid sidan, såg eg at prikkar visst er i vinden...(men storasyster synes ikkje det var ein god idè til 1-åringen...)




Bordet i all sin prakt, likar fargen godt enno...




Når tema var raudt, måtte me få med ein bursdagspresang til...nemleg den frå mamma og pappa til 1-åringen vår. Ho stortrives i den...


Så har eg fått ei utfordring av Rosa Univers, som eg vil prøve å svare på:


Kva gjorde du for 10 år sidan?


- Det er leeenge sidan, men då hadde eg to halvsmå søte born på 4 og 7 år. Eg var heime med dei lenge, hadde ei deltidstilling i butikk på den tida. Kosa meg masse! Samtidig tok eg gymnasfag for å få studiekompetanse. Og nokre år etterpå starta eg å studere for fullt (men eg er ferdig no heldigvis...).


5 ting eg har på hugselista mi i dag:


-Handle, ta blodprøver av eldstejenta, følge ho til tannlegen, må i jobb-møte og lage middag.


Ting eg vil gjere som milliardær (!!):


-Wow! Det er masse peng...Eg er eigentleg ikkje så oppteken av pengar, så lenge me klarar oss har me det bra. Men om eg skulle få så mykje peng, trur eg at eg fyrst ville sikre ungane mine skikkeleg utdanning utan gjeld. Eg skulle hjelpt familie og vener...bygd på huset...kjøpt meg ein snerten liten Bobil... Og kanskje oppretta eit fond der pengar vart delt ut kvart år til nokon som trengde det skikkeleg!...Men dette er jo berre teke frå lause lufta...sikkert mykje anna fornuftig eg kunne gjort, som eg ikkje kjem på...


Stader eg har budd:


Ålvik, Eidfjord, Voss og Norheimsund...


Utfordringa sender eg vidare til; dei som vil ta den...trur den har vore i bloggland ei stund, så det er vanskeleg å vite kven som har teke den og ikkje...




PS det er ikkje berre veslemor som har fått seg huske...denne er kjøpt på KID og utruleg god! veldig praktisk når me har huskestativ med plass til to husker...kan anbefalast!

7 kommentarer:

Blåbærpai sa...

Stod nett og såg på ei slik huske på kid og no vart eg overbevist om å kjøpe den..trur eg. Tykte fasongen var så fin.
Prikker er berre knallfint syns eg so dei serviettane dine misunnar eg deg;-) Måtte fnise litt av bildet under her ,av onkel og pappa rumpene..hi hi
Og så flink storesyster som lagar barneselskap!
Ha ein fortsatt god kveld!

Tea sa...

Å, jeg eeeelsker de prikkete serviettene!! :) Og den nederste huska ser jo bare litt herlig ut da! :)

Lille meg sa...

Å, så mye fint! De serviettene var fine.. Og den huska, ja, begge forresten. Både den store og den lille. De ble nok populære begge to, og nyttige til sitt bruk.
I dag har jeg hatt trøbbel med internett. Det vil si kveld, for jeg har ikke vært inne før, da jeg har vært hos min mor.. Men nå er internett "snill" igjen, og jeg kan blogge og kommentere igjen.
Artig, dette. Jeg har hatt veldig mye glede av PC'n min, og særlig etter jeg ble alene.
Ha en god kveld!

mali-mo sa...

Sånne husker er så fine! Har tenkt så mange ganger at eg skulle kjøpe en sånn, fordi de er fine. MEN så er det dette med meg og gynging, hehe, eg blir svimmel etter to sekunder i en hammock, så det er vel neppe noe for meg?

Leste litt om deg under her og lurer nesten på om eg burde kjenne deg...siden vi har bodd litt på de samme stedene og ikke er så langt frahverandre i alder (Eidfjord er ikke så stort..). Ble litt nysgjerrig kjente eg ;)

eba sa...

Så mykje vakkert du viser fram! Ser ut som om de hadde ein super 1-års dag. Vi feira nyleg 1-års dag for minste jenta også, men ikkje så "gjennomført"... ;)

Millas hem sa...

Så himla fina sevetter...älskar prickigt...och randigt och rutigt!!:)
Kram Camilla

Mari sa...

Hei! Kjempefin blogg! Hva slags farge har du malt det blå bordet med? Det var veldig stilig!