søndag, juni 15, 2008

Nokon som kjenner seg att...??

Dette var altså ei av gåvene til 1-åringen i huset.... men kven som var mest interessert i å ta seg inn ein av hovudinngangane kan diskuterast...tjihi..Her er altså far til høgre i bilete og onkel nærast kamera...(dei anar forresten ikkje at eg har teke bilete...hihi) Men posituren berre innbaud til fotografering! Det må nemnast at 1-åringen sit midt inni tunnelen, og anar sjølvsagt ikkje kvar ho skal gå...begge utgangane er jo opptekne... Etter sol kjem regn, og det gjorde det her òg....


...men kva gjer vel det når me har så fine støvlar....


Men det er kjekkast med sol, og ho er hjarteleg velkomen tilbake...

Difor tok eg med eit bilete frå ein av soldagane våre...det er fint med vatn i gangavstand når varmen vert for intens. Men det var iiiiskaldt uti, så eg nøydde meg med litt tå-dypping...hihi...

Tusen takk for alle kjekke kommentarar! Ha ei fin veke alle som kikkar innom! Klem

4 kommentarer:

Unknown sa...

nice blog

I wish good luck to you
Come to my blog

Rosa sa...

hihi, takk for ein god latter på ein mandag :) Eit herleg bilde som både far og onkel nok vil vete å setje pris på!

Jau, sjølv om søte støvlar gjer regnet litt kjekkare, så kan det gjerne regne ifrå seg no, og sleppe sola fram att.

God veke til deg!

mali-mo sa...

Hahaha, så ut som leketeltet falt i smak ja ;)Også de støvlene da...de er jo bare så skjønne!

Må si det eret nydelig sted du bor på ;)

I eit hus i ein dal sa...

Vekas blinkskot:)
Ha ei fin fin veke du og!
Her blir det hardkjøyr med diverse avslutningar, og leir med storebror til helga, phu..
Kjempeklem:)