tysdag, august 19, 2008

Fridag...

På vår interiørhandlerunde tidlegare i august, fekk eg òg med meg denne flotte oppslagstavla frå Rice. Den er kjøpt på Frekhaug (søren,eg hugsar ikkje namnet på butikken!)...men dei hadde mykje Rice-produkt og veldig mykje anna fint der inne! Så om du kan så ta ein tur til Frekhaug...

Men sjølvsagt tenkte eg, som kanskje du gjer òg?? At ei slik kan eg jo LAGE sjølv!? Og ja eg trur faktisk det går...det er ei metallplate kledd i stoff, med magnetar kledd i stoff dei òg.. Høyres enkelt ut...hmmmm

For tida har ho plass i stova (du ser den litt i bakgrunnen her...) og den er altfor fin til å henge nokre stygge lappar på...hihi...så eg må finne nokre fine bilete eller kort kanskje....Og vetlasyster har fått seg ein liten rosa skammel frå IKEA... den er framleis litt høg og ho kjem seg ikkje nedatt om me lyfter ho oppå...tjihi. Så no er det riktig sukkersøtt i stova vår ei lita stund...

Skulen har byrja her òg, så hybelguten har reist på hybel att og storasyster tek fatt på 9.klasse. Det er rart å ha så store born...men eg har heldigvis ei lita trulte som framleis vil kose med mamma og vera heime ein dag i veka...det er luksus!

Ha ein strålande dag alle som kikkar inn!!

5 kommentarer:

Tea sa...

Herlig oppslagstavle! :)

Kos deg på fridagen!! Klem

Rosa sa...

Den tavla var fresh, ja! Og sikkert eigentleg ikkje så vanskeleg å lage sjølv, om ein har rette material for handa.

Kos deg i heimen med veslemor, spesiellt no når dei to store er ute av huset igjen!

klem :)

storeflittig sa...

så godt å kunne være hjemme en dag med lillejenten, det er virkelig slik livet skal leves. små ting - stor luksus:)

jeg må si jeg elsker bildene av stua di. jeg syns du har en spennende stil, samtidig som det er lyst og lett. herlig!

jeg vurderer å lage sånn magnet-tavle av ikea sin versjon (som kommer i hvit/sølv) og lime på stoff, men er redd det 'tar' magnetismen... gøy å prøve i alle fall:)

Hulda sa...

Flott oppslagstavle, den er nok lett å få til selv også, ja. Herlige stoffer som var brukt.

Så lekkert interiør du har!

Haust sa...

Herleg oppslagstavle!

Tørkestativet vårt er det mannen som har laga, etter inspirasjon frå boka "Uteliv" av Mads Moe.

Ha ei fin helg! :)