søndag, oktober 19, 2008

Ein hage i oktober...

Å vera ute no på denne tid av året er heilt herleg synes eg! Og jo meir det regnar jo betre er det!! Eg kler på både meg og vetlatrulto godt med regnklede og støvlar, me skal ikkje verken frysa eller bli våte...berre utanpå... Så plaskar me i veg! Synes det er heilt nydeleg å vera tørr innerst med kliss klass ytterst!

I dag rydda me vekk hagemøblar og blomapotter...jadå eg veit eg er litt seint ute, men det har liksom ikkje regna så frykteleg i det siste, og då utsett ein å rydda veit du...

Og forrige helg var me ikkje heime, men i ein kjekk 60-års dag! Difor skulle denne helga gå med til litt rydding og ordning på heimebane...


Eg har faktisk roser i blomst enno eg...kvar einaste helg sidan i sommar har eg jamnt å trutt plukka med meg flotte bukettar inn!
Eitt år hadde eg roser til langt ut i november! Og det var desse raude som er nederst på bilete...men spør meg ikkje kva dei heiter...dei var her då me kjøpte huset...Men no kan igrunnen berre snøen koma synes eg...Det er alltids litt kjekkare med snø enn regn... iallefall når det byrjar å mørkne, då lyser snøen så fint opp synes eg...


Desse solstrålane er blant dei siste me har på huset, rundt 20. oktober...i morgo?? Når ikkje sola lenger huset vårt...det er for store fjell...men eg synes det er greit, for då slepp eg sjå på dei skitne vindauga mine..hihi...(vaskar dei sjølvsagt til jul...trur eg...) Treng kanskje ikkje seie at vindusvask er det verste eg veit...!?Håpar alle har fått nett ei slik helg som dei ynskjer seg! Eg har kosa meg iallefall...no må eg jobbe litt før morgondagen....

Snakkast snart...

(PS og til den kjekke dama som for ei stund sidan ynskte seg bilete av kjøleskap med tapet...er det for seint, for den er allereide teke ned...eller rive av, har eit lite troll her...skjønar du...men det forstår du nok...hihi..)

4 kommentarer:

ingridmarie sa...

Så vakker blogg du har! Og namnet på bloggen din er eit av mine yndlingsjentenavn;) Flotte bilder frå hagen! Eg synst det er minst like viktig med estetikk over uteromma som inneromma, og har også teke mykje bilder frå eigen hage..
Og so kjekt når ein kan plukke med seg inn bukettar frå natur eller hage! No skal vi ut på skogstur..Ha ein flott søndag! vidare Noralill!

pepperkverna sa...

Takk for en nydelig vandring i en vakker hage. Hege

Lille meg sa...

Flotte høstbilder! Jeg er også så heldig å ha roser i blomst enda...
Sikkert en trivelig tur du og lillejenta hadde, på tross av regnet.
Ønsker deg ei god uke!:)

mali-mo sa...

Våte og fine høstbilder hos deg! Har noen roser som blomstrer ute jeg og, selv om materialbosshaugene sprer seg utover og dekker det meste...

Her regner det fra alle kanter samtidig og huset knaker litt i skjøtene. Men et solid tømmerhus tåler litt vind ;)

Skjønner godt hva det vil si å ha et lite troll i hus ja...hun kunne vært troende til å flerre tapet min også ;)