tysdag, oktober 28, 2008

Litt haustsyslar...

Her for ei tid sidan så ville eg prøve ut noko eg ikkje har gjort før. Etter å ha lese om mange bl.a Den gode feen, Haust og fleire med dei...som bestiller stoff frå USA, ville eg prøve å gjere det samme. Det finnes utruleg mange flotte nettbutikkar å velje mellom, og Haust har blant anna ei linkliste over nokre av dei...eg anbefalar dykk alle å sjekke dei ut!

Mitt valg falt på ein av dei meir rimelege nemleg: Fat quarter shop . Enklast er det om ein handlar for under 200,-kr, så kjem det nemleg som vanleg brev... Dette gjekk utruleg fort! Og før eg visste ordet av det så låg stoffet i postkassa mi...eg betalte som vanleg over nett, utan problem...Utruleg kjekt!! Men det viste seg at eg har (som ofte før) bestillt stoff litt sånn utan å tenkje kva eg skulle bruke det til...


Men her ein kveld så sat eg i kikka på den vesle dukke-vogga som eldstejenta vår fekk når ho var lita...den er no i full bruk for vetlatrultemor, men den trengde sårt litt stell...Eg får nemleg ikkje lov å male den...(det forstår eg godt, altså...) Eldstejenta har fått den laga spesielt til ho, og namnet hennar er svidd inn i endegavlane...

Og som de ser så laga eg altså ei dyne og pute til dokka og vogga...av dette stoffet frå det store utlandet! Synes ikkje det vart så aller verst...i og med at eg ikkje er så utruleg god med symaskina (difor vert det ingen nærbilete av sauman osv)...hihi...

Men eg trur dokka får det riktig godt i det nye utstyret! Og vetlatrulto ho vart superglad! Og tok til å pakke dokkene sine nedi vogga og breie på dei både dyne og pute!
Jadå..kjekt når ein finn noko lurt å bruke litt av det ein har til..! Eg er veeeeldig flink til å kjøpe stoff som eg IKKJE brukar, nemleg..! No må eg berre tenke ut noko lurt å bruke resten til...hmmm var ikkje akkurat samstemte i fargane heller....
Men til då....ha ein fin dag alle saman!!
Og eg set utruleg stor pris på dei skikkeleg koselege kommentarane eg har fått i det siste!! Tusen takk!!

3 kommentarer:

ingridmarie sa...

So fine stoff du har fått tak i! Trur eg må prøve meg på både bestilling frå "Uniten"og på å sy dokkeklær og tilbehør.. det er nemlig ikkje so stas med mors gamle dokkevogge her i huset..og jenta vår er jo fire år, so ho burde jo ha alderen til det.. Er kansje ikkje so stas når ho ikkje har so mykje utstyr til? Eg trur eg knapt har brukt symaskin sidan 9.klasse.. Men det er jo ingen som sjekker saumane no,heldigvis:) Varm helsing ingridmarie

Brit. (lille meg) sa...

Du,altså! Du er så kreativ! Tenker dette ble populært hos lillejenta.
Du er flink til å sy.
Vogga var veldig fin.
Broren min har ei gammel vogge, den er fra slutten av 1800-tallet, vår farmor har ligget i den i 1877. Det er helt sant.Begge min brors døtre har brukt den, og mine søsken og jeg, pluss pappa og hans søsken.
Ha ei fin uke!:)

SynnePynne sa...

Hei hei!

Så flott dyne og pute til dukka, passa så fint til den farge på trevogga. Tenke ho koser seg med den ja.

Ja det er mye jobbing om dagen, sjøl om eg skal nok ikke klage. Ho velta her prøver seg kvar morning med, leike i hagen vår?? Men ho koser seg i barnehagen og, så det går veldig bra.

Tapet er bestilt, så må vi berre finne ut korleis ein tapeteserer, har aldri gjort det før. Men gleder meg til å få den på veggen, forhåpentligvis før jul.

Me gleder oss veldig til de kjem bortover, håper det blir nær ei helg så de kanskje tek deko nokon dager når de kjem. Me skal og ein tur vestover før jul, men passer på at det ikke kræsjer med dekans tur. Men er jo litt meir fleksible på tidspunktet.

me sjåast, hels dei andre dine!

klem