tysdag, oktober 07, 2008

Fleire loppefunn...

Det er jo litt rart å vera på loppemarknad og då... Sidan det ikkje skjer meg så ofta, så veit eg liksom ikkje heilt korleis eg skal oppføra meg...Eg ser berre at folk kjem, stiller seg i kø, brettar ut plastposar og (ermene) gjer seg klar...eg vert no litt nervøs av slikt...hihi Eg hadde ikkje tenkt på plastposar? og kva skulle eg med det??
Når eg omsider kom innanfor døra (som ein av dei fyrste faktisk...) så forstod eg at her måtte eg tenkje fort om det skulle bli handel... lettare panisk kjenner eg at heile køen passerar meg når eg såvidt stoppar ved eit av borda....(hjelp) Så finn eg noko..men eg finn meir...ååå ja det var difor eg skulle hatt plastposar...haha...NO veit eg det...


Men etter ei stund i kaoset så finn eg ei lita korg som eg kan bære tinga mine i...heldigvis...Men køen og folka bevegar seg fort, og det er om å gjera å IKKJE følje køen....det fant eg fort ut...men prøv å finn ein stad folk ikkje har kome til enno... Men heldigvis så er smaken som baken...og ofte er det vanskeleg å skilje ut godbitane blant alt (unnskyld meg) rasket...for heilt ærleg så er det mykje boss på eit loppmarknad òg...


Men boss for meg er gull for andre...og omvendt sjølvsagt...Og som de ser ovanfor her så fant eg noko meir eg synes var fint...Den posen på øvste bilete synes eg var så sjarmerande med dei gule hekla blomane! Den skal få ein fin plass og noko lurt oppi...har ikkje heilt bestemt meg kva eller kvar enno.. Og to kjempefine dukar! Den turkise synes eg var knallfin! Med sine bittesmå gule detaljar... og ein anna duk som var mer enkel og nøytral...


Blant endå meir (som eg skal vise seinare...) så fant eg denne tapetrullen...hihi...kjenner meg litt sprø når eg kjøper slikt...men den kan brukast til mykje rart...for augneblinken testar eg den ut på kjøleskåpet...haha...berre for å vera litt "galen"... den er berre tapet fast med tape så den går lett av att...(passa ikkje heilt der...men men) kan bruke den til å lage kort...eller noko anna spennande...hmmm Synes den var fin og oransje...

Det kjem snart fleire loppefunn...må berre vaska og ordne dei litt fyrst...hoho..

So long! Og tusen tusen takk for alle hyggjelege kommentarar på forrige innlegg!! Eg vert superglad når nokon likar det eg likar....hihi....

Ha ein strålandes dag!!

8 kommentarer:

Hulda sa...

Å, du har vært heldig med loppefunnene dine! Likte det fra forrige innlegg også. Fine dådyr! Den hekla posen er kjempefin, pynter fint opp. Dukene er også flotte i fargene. Fine bilder du tar.

BeBe`s blogg sa...

Alltid like spennende å se hva andre klarer å finne av godbita på loppis - siden jeg selv er en ihuga loppisfan!:)

Lille meg sa...

Spennende ting du har funnet!
Og så er det så viselig ordnet at ikke alle liker det samme.
Da blir det ikke så mye slåssing om samme ting heller.
Jeg skjønner du har kosa deg på loppis.
Gler meg til å se mer av dine funn.

Rosa sa...

hihi, eg som trudde du var ein erfaren loppe-jeger! Eg er heller ikkje ofte på loppis, så eg føler meg litt som deg, ser på alle rundt og lurar på kva eg burde tenkt på :)

Og ja - jammen er det facinerande å sjå kor forksjellig folk tenkjer! Det eg syns ser grusomt ut syns sidemannen er eit kupp. Og sjølvsagt omvendt. Eg fann ikkje så mykje på sjølve loppemarkedet. Faktisk meir hjå dansken med bil og hengar nede i gata.

Og du, eg såg ei anna me begge kjenner som fòr med akurat samme rullen under armen - tru om de har samme smak? hihi

God tysdagskveld!

Haust sa...

Ååå, så fin den turkise duken var! Eg er så svak for den fargen...

Blomster i hagen sa...

Så massa fint du fann på loppis. Dei dukane var jo spesielt fine da, gleder meg til du viser fram meir. Takkar veldig for tips om seng, reknar med ho er henta alt.

Når det gjeld nips figurane dine, så er du nok meir trendy der enn man kunne tru. Var innom Bolina her om dagen, og der stor det en stor/liten hjort i viduet å kikka ut. Så ser man det...

Blåbærpai sa...

EG VIL HA:BILDE AV KJØLESKÅP MED TAPET PÅ!
Stilig tipper eg!!Og godt påkomme!

. sa...

Heisann!!

Ska sei du e ein reser å finna ting på loppemarked:))
Masse fint har du funne og gode ideer te ka du ska bruka det te har du og!!
Gamlå