Til den nette sum av 40.-kr vart denne kjekke vetle lampen min! Synes den var litt artig med den "svungen", sidan den ikkje var "ledda" på vanleg måte...(høyrtes detta heilt uforståeleg ut??) Eg er ikkje så inni korleis ein best kan beskrive ein lampe, men de skjønar det vel...
Til og med lyspæra virka! Eg synes det er knallkjekt å finne ting og tang på ein brukthandel, iallefall når det er så billig som denne... men eg er slett ikkje den som handlar kva som helst og uansett, berre det er fint. Eg prøver å kjøpe ting eg veit kvar eg skal plassere og passar stort sett på at det er ting som ikkje berre vert til skrot i mitt hus...(eg har nemleg litt av den sorten òg...hihi).
Det eg synes er vanskeleg er å kaste ting eg ikkje lenger brukar. Kvar gong eg dristar meg til å kaste noko som eg er HEILT sikker på eg ALDRI kjem til å sakne...ja, så går det ikkje lang stund før eg nett skulle hatt AKKURAT den tingen...(er det ikkje typisk??). Eg tenker fortsatt på eit kelim-teppe som eg kasta ein gong...skulle hatt det no kjenner eg...
Det er jo ei trøyst at det faktisk BERRE er TING!
Eg kjøpte litt anna på brukthandelen òg, men det kjem eg tilbake til..
Eg prøver atter ei gong å hekle litt...denne gongen trur eg det skal bli eit teppe. Men eg er ikkje heilt fornøgd med fargevalet mitt...(eg er utruleg dårleg på fargar...). Når eg står å skal velje garn, tek eg meg i å alltid velje brunt, grått, beige osv...og denne gongen TVINGA eg meg sjølv til å velje litt meir fargar...ja, du ser resultatet...haha
Det kan jo hende det blir fint til slutt!
Eg har fridagen min i dag og eg og dokkemor har allereie vore på ein lang tur i skog og mark. Ho har ikkje vore ute på fleire dagar, fordi ho hostar, snufsar og er heller skral for tida. Men trur det gjorde godt med litt frisk luft i dag...
Håpar du har tid til å kose deg litt du og i dag! No er det snart fiskegrateng...