fredag, mars 12, 2010

Ei god helg...


Helga har iallefall starta bra, med skidag på skulen på fredag. Det er rart, ein skulle ikkje tru at nokre få høgdemeter kan gjere slikt med naturen, nede i dalen hjå oss regnar det og er heller dystert og grått. Oppe i høgda var det aldeles julekort stemning! Nysnø på alle tre, sol og aldeler nyyydelege skiforhold! Slikt gjer godt for humøret!

Og nesten like kjekt er det å bytte ut litt vasne tulipanar med skjønne nellikar...

Rosa er for meg ein skikkeleg vår-farge, og akkurat denne rosafargen var som sukkertøy for augo mine...

Det same er denne vetle rosa-klumpen...sukkertøy for augo til mor og far...

Ho er faktisk ei stjerne framfor kamera for tida (har ho sett litt mykje på Hanna Montana??..haha). Ho likar å danse og synge medan ho står på den vetle kofferten. Ho forlangar sjølvsagt ståande applaus når ho er ferdig...mor og far klappar sjølvsagt...


Ynskjer med dette ei strålande helg til alle der ute! Og bur du nær ein fjelltopp, vil eg anbefale deg ein tur i høgden...det gjer godt for humøret!

Stoor klem frå meg...

8 kommentarer:

Hulda sa...

Så flott dere har det! Falt for bildene av spiseplassen deres, så mange fine møbler med særpreg. Flotte bilder i dagens innlegg også. Nydelig bukett rosa nellik. :) Ha en fin dag!

Hulda, Husfruas Memoarer.

Agathe si sie sa...

Hei på deg.
Nelliker er kjempefine, har begynt å få mer sansen for de blomstene og det var nydelig farge på disse.
God helg og håper jeg kommer meg opp i høyden i helgen, med ski på beina.

Agathe si sie sa...

....ser du har meg i blogglista di. Jeg har fått ny adr.

jannepålanne sa...

Flotte bilder! nydelig var de..
Ha en fortsatt strålende helg!

Marte sa...

Rosa er herlig:) Og nelliker ligeså;)
God helg til deg og dine!

Marte

Rosa sa...

Hurra for rosa! :)

Og skjønn lita stjerne. Eg har òg ei som gjerne syng, dansar eller poserer litt framfor kamera. Fine er dei no.

God helg til deg og dine!

Lilliannes verden sa...

For nokre herlege nellikar <3
Me har òg vore på fjellet denne helga. Vidunderleg å kjenne fjellufta!

hjemme bra sa...

Herlege blomar!!!!
Eg elskar denne rosafargen, eg òg!
Og barna er så herlege!
Nyt dagane.