onsdag, mars 17, 2010

Eit nytt blikkfang...

Til den nette sum av 40.-kr vart denne kjekke vetle lampen min! Synes den var litt artig med den "svungen", sidan den ikkje var "ledda" på vanleg måte...(høyrtes detta heilt uforståeleg ut??) Eg er ikkje så inni korleis ein best kan beskrive ein lampe, men de skjønar det vel...

Til og med lyspæra virka! Eg synes det er knallkjekt å finne ting og tang på ein brukthandel, iallefall når det er så billig som denne... men eg er slett ikkje den som handlar kva som helst og uansett, berre det er fint. Eg prøver å kjøpe ting eg veit kvar eg skal plassere og passar stort sett på at det er ting som ikkje berre vert til skrot i mitt hus...(eg har nemleg litt av den sorten òg...hihi).

Det eg synes er vanskeleg er å kaste ting eg ikkje lenger brukar. Kvar gong eg dristar meg til å kaste noko som eg er HEILT sikker på eg ALDRI kjem til å sakne...ja, så går det ikkje lang stund før eg nett skulle hatt AKKURAT den tingen...(er det ikkje typisk??). Eg tenker fortsatt på eit kelim-teppe som eg kasta ein gong...skulle hatt det no kjenner eg...

Det er jo ei trøyst at det faktisk BERRE er TING!


Eg kjøpte litt anna på brukthandelen òg, men det kjem eg tilbake til..

Eg prøver atter ei gong å hekle litt...denne gongen trur eg det skal bli eit teppe. Men eg er ikkje heilt fornøgd med fargevalet mitt...(eg er utruleg dårleg på fargar...). Når eg står å skal velje garn, tek eg meg i å alltid velje brunt, grått, beige osv...og denne gongen TVINGA eg meg sjølv til å velje litt meir fargar...ja, du ser resultatet...haha


Det kan jo hende det blir fint til slutt!

Eg har fridagen min i dag og eg og dokkemor har allereie vore på ein lang tur i skog og mark. Ho har ikkje vore ute på fleire dagar, fordi ho hostar, snufsar og er heller skral for tida. Men trur det gjorde godt med litt frisk luft i dag...

Håpar du har tid til å kose deg litt du og i dag! No er det snart fiskegrateng...

13 kommentarer:

IJ sa...

Neimen så fin blogg! Og så kjekt at du skriv på nysnorsk! Og så må eg sei at eg er litt små-nysgjerrig på kor du er ifrå, sidan eg og er frå ein liten fjordarm på vestlandet..?

Fyrste gong innom her - men garantert ikkje den siste!

Fin lampe forresten - den var litt sjeldan!

Ha ein fin dag!
IJ

Therese sa...

Knallfin lampe!! Syntes forresten du beskriver den godt :)
Slike skatter finner jeg sjelden, kanskje det har noe med at jeg sjelden er å besøker brukthandlere også...

Syntes hekkleriet ditt ser herlig ut - tror helt sikkert det blir flott til slutt!!

Ha en gooood dag!
♥klem

Rina sa...

Utrolig fin lampe, spesielt med svungen. Og så fin skolestol du har. Gulvteppet ser også kult ut. je!

tempo.dk sa...

Det var en flot lampe, som passer godt ind på billedet. Er den måtte på gulvet den, du hæklede for et stykke tid siden. Den er utroligt fin.

Agathe si sie sa...

Kjempetøff lampe, spes. med den "svungen" ;) Fin farge og blikkfang.

Syntes du er flink med farger, det vises på alle innleggene dine.
Onsdagsklæm

victoria (huset i byen) sa...

Kjempe flott lampe du har funnet, og til den summen er jo fantastisk...
Likte veldig godt fargen og svungen på den ;) synes du hadde valgt fine farger på garnet jeg....
klem victoria

Marlene sa...

Fantastisk lampe!
En gledesspreder i seg selv!
Finfin blogg du har!

hjemme bra sa...

Hei der.
Det var ei fott lampe du hadde funne! Ein skikkeleg fargeklatt som er kjekk å sjå på.
Eg var innom ein bruktbutikk i dag, men fann ingen ting. Hadde kanskje for lita tid, ellers så var det ikkje noko... Gutane fann eit dataspel som vi betalte 10,- for. Billig :-D
Eg trur heklearbeidet ditt blir flott. Det var sol og sjø og kvit strand i dei fargane!
No fekk eg lyst på vår og SOMMER!

Sheila Rosita sa...

Stili lampe! :)
Og knall-hærlig farge da! :)
Fin blogg du har også! :)

Ha en fin kveld! :)

Patina-H sa...

Kuuuul orange lampe, og eg skjønar lampespråket ditt, hi hi :) Det er rett og slett litt svenskt over fargane dine denne gongen, :) synes det ser veldig fint ut, eg ;)

mi-rachel sa...

den lampen var galtøff.
skikkelig blikkfang!

Therese ❦ Fjellrosa sa...

Oohhh, en slik lampe hadde jeg da jeg var liten. Herlig farge :)

1 OF A KIND sa...

Hvor er de bare fine dine påskeæg i forskellige farver, stor ros for dem. Lampen er også bare fin!