søndag, april 25, 2010

Lys gul...

Ja, lyse gule er desse nye bruktfunna mine...hmm Eg er vel framleis ikkje HEILT sikker, men eg synes dei er ganske fine! Litt uvant med lys gul (no må eg vel mala den knall gule saken eg har på kjøkkenet...). Uansett har eg leita etter nye kjøkkenstolar ganske enkelt fordi dei gamle, som var godt brukt før dei vart mine..syng på siste verset...

No har eg to som er like den EINE svarte eg hadde frå før..men pytt kjekt å blande fargar...fint òg. Eller??


No gledar eg meg berre skikkeleg til byggeplanane våre vert sett ut i livet (nye teikningar kom i dag)! Her på kjøkkenet, for eksempel blir spiseplassen skubba 4 meter ut! Jippi! Snart har me god plass til alle mann rundt bordet! Og då er det jo viktig at me har nok stolar...hihi




Som vanleg etter middag i dag, fekk eg lyst på noko godt...(er visst ei slags sjukeleg last eg lir av...grrr). Og som ei oppvarming til englandsturen eg og eldstejenta skal på om ei vekes tid, ville eg bake scones...fant ei oppskrift på nett (men huskar ikkje kvar). Desse var kjempegode! Til og med mannen i huset lika dei (og det er ikkje vanleg...)...knallgode med smør og syltetøy.

Oppskrift:

300g kveitemjøl
2 ts bakepulver
80 g smør
1 1/4 dl mjølk
60 g sukker
2 egg

Eg blanda alt saman i kjøkkenmaskina (eg smelta ikkje smøret), og klappa til slutt ut deigen og trykte fine kaker med hjerteform...

Nam...


14 kommentarer:

victoria (huset i byen) sa...

Flotte stoler, synes det ble kjempe flott til din svarte....
Blir kjempe spennende å følge utbyggings prosjektet deres videre...
ha en fin søndag
klem victoria

Marlene sa...

Superfine lysegule stoler!
Har aldri sett den fargevarianten før!
Annerledes og fresht!

Jannicke sa...

Så utrolig spennende med utbyggingsplaner :o)

De lysegule stolene passet fint hos deg :o)

Varme scones skulle jeg gjerne hatt til frokost i dag...

Ha en riktig fin uke!

Klem J.

Margith sa...

Utrolig flotte stole.

mi-rachel sa...

så fint de lysegule stolene passet inn hos deg!

Ida sa...

Kjempe fine stoler. Lys gul er nok ikkje så dumt. :)

hjemme bra sa...

Gratulerer med "nytt" bad. Det gjer seg med litt maling ein gong i blandt. Eg har så mykje eg vil male - men no har eg barn i magen, og kan ikkje drive for mykje med den slag...
Likte dei nye kjøkkenstolane dine, eg. Eg er ikkje den gule typen, men denne lysegule fargen er flott! Lykke til med bygging. Blir nok herlig med større plass! Eit stort kjøkken er herlig!

Hyttehuset sa...

Desse stolane tkte eg var skikkeleg herlege. Og dei passar jo veldig godt til den svarte. Pastell er jo det store no... ;-)
Ha ei god veke med dine!

Patina-H sa...

KJEMPEfine stolar, spør du meg :) Og tusen takk for sconesoppskrift, den skal prøvast ut. Kjekt med englandstur då... ;)

Inger Johanne sa...

Absolutt. Fine stolar! OG - dei er gode å sitta i òg!!

Så spanande med utbyggingsplanar! Herleg med store kjøkken:-)

Designe sa...

Så läckra stolar och kakorna ser supergoda ut! :)

mette sa...

jeg synes stolene passa perfekt inn jeg! de var jo superfete! deilige scones, mmmmm, fikk vann i munn:)

linn sa...

så nydelege stolar! Eg er så glad i den gulfargen :O)

Har ein liknande stol sjølv berre litt mørkare i fargen, men den er det ein stygg malingsflekk på. Trur eg må prøve å skrape den vekk på eit vis :O)

Nyt kvelden!

*klem*

LIVS LYST sa...

Vanvittig kuule stoler!! Jeg er fasinert av denne tidsepoken (som de hører til). Selv om det var enkelt, plastikk og stål - så digger jeg det!! Dessuten syns jeg du hadde tatt en utrolig kuul vinkel på det øverste bildet!!

Hilsen Liv som ønsker deg en god helg! ;O)