Hmm dette er ikkje likt meg...eg brukar ikkje fortelje så veldig mykje om meg sjølv. Eg veit ikkje heilt kvifor det er slik, men på mange måtar er det enklare då...bloggen min har alltid vore ein "friplass" for meg, ein stad der eg berre kan dyrke interessa mi for interiør anten det er gammalt eller nytt...
Sjølvsagt er eg som andre..eg likar å høyre ting om andre eg ikkje visste, så difor seier eg 7 ting du kanskje ikkje visste? Om du ikkje kjenner meg då...
Grunnen er nemleg at eg fekk ein award...(for leeenge sidan) av den flotte bloggen Shinedesigne. Den utfordra meg rett og slett til å dela litt meir med dykk der ute...hihi
Og igjen tuusen takk for knallkjekk award snille Shinedesigne!
7 ting om meg:
- Eg er definitivt eit morgonmenneske, elskar å sitje ute ein tidleg sommarmorgon og vente på dagen
- Eg MÅ ha frokost! Før eg kan gjere noko som helst anna...(inklusiv å vekke ungar...)
- Har trent sidan eg var 30 år på å nyte ein kopp kaffi...og no endeleg synes eg det er nydeleg...(ikkje spør kvifor eg ikkje heller kan drikke te...?)
- Eg elskar å vera ute uansett vêr og me har ein utruleg natur rundt oss som ber om å bli brukt
- Eg trenar 3 til 4 gonger i veka, jogging, motbakkegang/løp, sykling og aerobic i ulike former (men aller helst ute..) Hadde eg hatt tid hadde eg trent litt kvar dag...synes det er veldig kjekt!
- Jobbar 80% stilling som lærar, utdanna adjukt. Tok deltidsutdanning då dei to eldste ungane var 5 og 10 år. Det tok 5 år...
- Eldstejenta vår har ein svært alvorleg sjukdom som krev kontrollar ved sjukehus og masse medisinar kvar dag...noko som gjer noko med oss alle saman...
Og nettopp det siste punktet gjer at eg og eldstejenta i morgon skal reisa atter ein gong til Rikshospitalet i Oslo...Men me har vore der mange gonger før og difor tek me det som ein tur. Me skal shoppa litt og kosa oss så godt me kan! Berre eg og eldstejenta som me er så stolte av!