søndag, juni 20, 2010

Ein EKTE tripp-trapp-stol



Dette kan vel ikkje kallast anna enn ein heilt ekte tripp-trapp stol?? Dette er altså stolen eg snakka om i forrige innlegg. Vetla dokkemor har fått den ved kjøkkenbordet. Ho har til no sete på ein heilt vanleg stol, men oftast vert ho sitjande på kne for å nå skikkeleg opp til bordet. Det problemet er no løyst, fordi denne stolen er litt høgare enn vanlege stolar. Ho har ingen problem med å kome seg opp iallefall...og ho slepp å sitje på kne for å nå opp...



Sidan eg har nokre slike stålrøyr-stolar frå før passa denne heilt fint inn rundt bordet vårt...


Legg merke til trappa som lett kan vippast bakover og under stolen når den ikkje er i bruk...smart.
Eg må seie eg likar slike artige stolar og oppfinningar som er praktiske!


På siste bilete ser de eit glimt av kjøkkenglaset og veggen som skal vekk...den skal rivast og kjem att heile fire meter lenger ut! Og i dag var muren ferdig støypt! Jippi! Me har til og med snakka med byggmeister i dag (ja, på ein søndag!), og alle førebuingar er gjort, så no berre ventar me på at snikkaren har tid...

Må nok vente litt med den biletekavalkaden eg har lova dykk...Ein mur er jo ikkje så spennande å sjå, eg ventar til det er kome noko oppå..hihi..

Håpar de alle fekk ei fin fin helg. Her har me hatt fotballcup, og trass i at me ikkje har nokon som spelar, så har me alle vore i sving på dugnad i helga. I morgon skal me til og med på avsluttningsmiddag til eldstemann på gymnas...tenk at han er FERDIG med gymnaset!! Heilt utruleg...
(PS og rydding og vasking av hybel sjølvsagt...phu)


14 kommentarer:

Ida Susanne sa...

..En slik stol står høyt oppe på ønskelista mi om dagen

..De er super tøffe i herlig retro stil..

Skal fortsette jakten på en slik en neste gang jeg skal på bruktbutikken :)

..Herlig blogg du har forresten, tittet igjennom noen innlegg hos deg og mye koselig lesing og vakre bilder..

Takk for titten

Klem Ida Susanne

minimum sa...

wow - så mye som har skjedd inne hos deg siden sist jeg var innom - jeg har vært uten internet en stund, men tror ikke den bloggrollen min fungerer helt...
Mange fine bilder av fine ting, fint besøk - hvis det hagebildet som var så idyllisk er et villniss...Uttrolig fin stol - ja gleder meg til å se deg i rom123!!!

SavanneTreet sa...

LOVE IT!!

Fargeheimen sa...

Flott den stolen, sånn hadde min mormor. Den var kjempekjekk for oss når vi var små.


Ha ein fin søndagskveld. :)

Agathe si sie sa...

SÅ smart og kul stol. Perfekt for ei lita "tulle".
Ha en fin start på ei ny uke.
klæm

In my house sa...

ÅÅÅÅååååå, supersnygg,,,, å så praktisk... verkligen superfin, med de bruna träiga...

Kram josse

Loppelilla sa...

So utruleg fin stol!! Visste ikkje at sånne fanst...har berre sett liknande "husmorstolar der ein kan snu stolen om til ei trapp..gardintrapp (..sjølvsagt hi hi) Gledar meg til å sjå påbygget, men eg håpar verkeleg eg når ned til deg før veggen rivast....håpar det!! Helsa hybelguten so mykje og dei andre sjølvsagt. Klem

Rosa sa...

for ein kul stol!! og så fantastisk det vert med 4 meter ekstra lengd på kjøkkenet :)

Meir enn halve bygda mi var nok i bygda di i helga - iallefall alle med born i rett aldre. M.a.o. ein tanke tomt og trist her ;)

God veke!

SynnePynne sa...

ÅÅ ein sånn stol har eg leita etter til A i lengre tid, kor har du funne den?
Om du skulle komme over fleire tek du med til meg og, kosta ka da kosta vil:-)

Du kunne ikke sendt meg oppskrift på den fløffie galsuren du hadde på muffisane vel? Me skal ha 9 jenter på bursdag på torsdag og planlegginga er i full gang.

snakkast

Therese sa...

Stilig stol!! Husker mormoren min hadde en lignende :)

Så spennende med byggeprosjekt, kjøkkenet deres blir en god del større da!? Lykke til - gleder meg til å få følge med ;o)

Ha en god dag og en flott St.Hans feiring (og forresten; elsker teppet ditt under her) :)
klem

Sanne sa...

Ja vet. Elsker de stolene. :) Herlig

Min stil sa...

Oj. En slik har ikke jeg sett her inne før. Vi har en slik stående i oldemorhuset. Perfekt for lillesnuppa.
Ha en strålende helg
:) Susanne

Kikki sa...

Så fantastisk blogg du har! Jeg plukker ideer og nikoser meg! :)

Slik tripp trapp stol hadde min bestemor, og jeg elsket å få sitte på den ved kjøkkenbenken mens hun lagde mat. Herlig.

Ha en nydelig dag :)

Anonym sa...

gaidallCift
[url=http://healthplusrx.com/diabetes]diabetes[/url]
Rattglurbgala