søndag, juni 13, 2010

Tid for syriner...



Sidan min stakkar syrinbusk kjøpt for to år sidan avgjekk med døden i vinter, må eg dessverre ut i verda å plukke meg syriner...Jadå eg veit det er feil å "stjele", men om det er ei trøyst så tek eg berre i hagar der det ikkje bur folk og kun greiner som stikk utover vegen...haha



For meg er dette betre en snop...når lukta av syrin slår mot meg om morgonen, og sola i tillegg fyller heile huset ein tidleg morgon før jobb...DÅ er livet godt!


Dei lilla syrinene luktar definitivt sterkare, og takka vera ei super veninne og nabo har eg fått planta avleggjarar til lilla syriner...dei spirer og gror. Men det tek vel nokre år før eg har så store busker eg ynskjer meg...

Enn så lenge NYT eg andre sine syriner..hihi..
Jammen er det kjekt at dei kjem til nytte!

Utanfor her er det full graving og støyping i dag, mann og svigerfar er i full sving.
Spennande tider hjå oss...
(planlegg ein billedkavalkade når prosessen er komen litt lenger...)

Ha ein super søndag!


4 kommentarer:

Anonym sa...

...eg elskar syriner..nydelege bilete.

In my house sa...

Tack söööta du, jag säger detsamma till dig =)

Kram kram josse

Haust sa...

Eg ventar, eg ventar...og eg ventar på at syrinane mine skal blomstre! Det er 5-6 år sidan eg planta det første syrinrotskuddet i hagen vår, og kvart år sukkar eg over vakre bilete av syrinar i bloggane rundt omkring. Skulle visst vore på syrinslang eg óg...! ;)

Ha ei god veke! :)

stjerneglass sa...

Jeg elsker syriner!
Til min store sorg er jeg superallergisk... Får drømme meg litt bort i syrinbildene dine, og håper du lukter litt på dem for meg også! :)