søndag, juli 04, 2010

Plagiat?

Nei, eg veit ikkje eg, det kan jo hende nokon "tek" meg no... Ein kveld for ei lita stund sidan sat eg å "surfa" rundt i ulike nettbutikkar (litt kjøpesjuk..hihi), men eg likar jo aller best når eg slepp å kjøpa ting (altså når eg kan lage det sjølv...). Det høyres kanskje veldig gnitent ut? Uansett, så såg eg slike hjort-bilete litt her og der..tenkte at kanskje det hadde vore litt fint på veggen hjå meg? Sat igrunnen klar til å trykke "kjøp", så kom eg til å tenke på kor lett det hadde vore å lage ein slik sjølv...

Som tenkt så gjort, det vart ingen kjøp på meg. Eg sette meg ned framfor dataskjermen og teikna av det eg såg på skjermen, klipte ut ein mal og teikna den over på den einaste brukande kartongen eg hadde; grå, klipte ut, og vips; eit nytt bilete...


Eg har sett den inn i ei gammal ramme eg kjøpte ein gong på ein loppis, men veit ikkje heilt om den passa der. For ei stund kan den stå der i ramma til me ser kvar den passar inn. Eg synes iallefall det var litt smart...hihi

I dag vart endeleg dokkehuset nesten ferdig utvendig og iallefall påbegynt inni..gler meg til det er ferdig!
Me har hatt ein varm og fin dag her hjå oss, håpar du har kosa deg òg!

7 kommentarer:

små og store drømmer sa...

Så flink du har vært :)
Liker tanken din om å gjøre ting selv.
Billigere sånn :)

Rosa sa...

Jøsses, har du teikna det der på frihand? Eger litt imponert, kjenner eg! Kjekt å lese litt om deg under her, og godt at du og eldstejenta fekk ein kekk tur, omstendigheitene til trass!
God ferieveke i vente!

Fargeheimen sa...

Så fint det bildet blei.
Klart ein må få lov til å laga ting sjølv, det å vere kreativ er jo så kjekt. Ein er ikkje gniten fordeom. :)


Ha vidare ein fin søndag. :)

Inger Johanne sa...

Kjempefint og herlig med sjølvlaga!

Om det er plagiat eller ei, kan ein sikkert diskutere - ein hjort er nå ein hjort seier eg - men sålenge du ikkje skal lage slike for salg, kan ingen arrestere deg på det! Så kos deg med hjorten din!

Syns det passa godt inn i ramma di, eg. Fargane var avstemte og fine. Elles så går det jo òg an å vurdere å spraylakkere ramma kvit. Det hadde òg vore fint!

Fin kveld til deg!

mi-rachel sa...

tøft og smart!

ceciliegrut sa...

Kjempefint! Flink du er :o)

Tove `blogg verden sa...

Utrulig fint! Syns det passet kjempefint i den ramma!! Ble KULT rett og slett : D
Ha en fin kveld
klem Tove