tysdag, november 09, 2010

Ny ytterdør...

 Ein av dei absolutt kjekkaste tingene med eit 30 m2 stort tilbygg, er NY ytterdør! Me har levd i over 10 år med den gamle opprinnelege døra som stod i huset frå 1969...
Me kan skrive under på at det er forskjell...

Når me no attpåtil har fått overbygd dør med ly for vind og regn kjennes det neste som heile huset er nytt.



Dei som er kjend i bygda vår, veit at her bles det skikkeleg innimellom! Vinden er igrunnen det aller verste ved å bu i ein slik djup dal...

MEN no kan eg til og med henge noko på veggen utanfor døra, utan at det bles vekk! Det har vore veldig vanskeleg før. Treng vel ikkje seie at eg gler meg til jul, med julelys og faklar på trappa....


I hagen i går fekk eg samla saman litt prydepler, det er super-enkelt å berre tre på ein streng...
Vips ein krans...
Alt er ikkje heilt klart på trappa enno, mannen i huset har bestemt at me skal flislegge med skifer her ute. Det kan jo bli fint...


Nederst, eit bilete frå skapet eg driv og malar...på bilete har det kun fått blank kvit maling på innsida. Eg har blanda ein mørk grå farge som kjem på utsida...
Spennande å sjå korleis det blir til slutt.

Gledar meg uansett til å rydde litt her på kjøkkenet.

Men no er det barne-TV! Må ut å sjå saman med dokkemor...
Ha ein fin fin kveld!

4 kommentarer:

SynnePynne sa...

Hei Hei!

Da blir jo kjempeflott, nye døre var veldig fin og grå.
Eplakransen var fint pynt til den grå døre, så kreativ du er.

Hels dei andre og ho minsta, me må skype ein dag. Alida snakker om det kvar dag, så gløymer me det i all middag og barnetv før legging.

klem

mette sa...

nydelig motiv med den kransen opp mot den grå døra. veldig fin gråfarge. innbydende inngangsparti, får lyst til å komme på besøk :)

mi-rachel sa...

så fin dør...og passet så fint med den kransen.
vi bor på en liten høyde overfor byen...med fjorden rett inn...så her blåser det også til tider!!

Haust sa...

Så herleg med splitter ny inngangsdør - det treng vi òg!

Ynskjer deg fine novemberdagar...