onsdag, april 11, 2012

Gyngestol

Gyngestolen min er komen ned att i stova.
Dokkemor tok den med ein gong inn i varmen,
favorittstol nr. 1

I kjent stil, med beina på bordet...
og barne-TV...



Den har stått lenge oppe på diverse soverom,
flytta litt her og der. Slik som dei fleste møblane her i huset.

Men kjekt å ha den nede att.

I dag har me vore til Voss i 16-årsdag til ei flott jente!
Kjekt å møte søskenbarn, som ein altfor sjeldan ser...
Og kjekt for tre systre å møtast òg.

I morgon er det barnehage og jobb igjen.
Fin fin kveld til deg!

4 kommentarer:

ceciliegrut sa...

Jeg elsker gyngestoler.. og skulle
ønske jeg hadde en.


:) Klem

victoria (huset i byen) sa...

Så flott gyngestol, veldig lik den gamle min som jeg fikk av bestemor....
klem victoria

Tove sa...

Eg har vore på jakt etter ein slik gyngestol lenge. Mormor hadde ein slik, men den vart til slutt kasta hugsar eg. Den var så øydelagt og velbrukt at morfar meinte den ikkje var liv laga lenger! Kikar ofte etter slike på bruktbutikkar rundt omkring!

solihjartet sa...

Å, den var fin!

Minnar meg om ein stol me hadde då eg var lita, den var blå med noko mønster på ... mimre-mimre ..