torsdag, april 05, 2012

Påske hjå oss...

Ja her kjem ei lita oppdatering...
Minstejenta har måla egg heilt sjølv,
etter alle kunstens reglar,
med tørking mellom fargelaga..
Dette visste ho alt om...
hihi..
Fine vart dei iallefall.

Me har alt vore nokre dagar på hytta (til svigers).
Den ligg langt og høgt til fjells,
alltid kjekt å ha nokre dagar langt frå alt...
Utan straum,
med vatn frå elva og snurredo...

Stille i solveggen.

Me har aka på presenning nedover skaren...
(litt vondt, men veldig morro!)
Gått små skiturar,
grilla pølser på bål i sola...
Slappa heilt av.
Godt for alle.

Små glimt frå hytta.
Eg kan verkeleg ikkje forstå at eg ein gong (for ikkje så veldig lenge sidan)
synes at furu-panel var veldig stygt...

No synes eg det er heilt herleg!
Eg håpar ingen målar denne hytta nokon gong!

Sol frå morgon til kveld, hadde me.
Me var heldige dei tre dagane det varte...

Det fiine åklè har svigermor vevd.
Nydeleg...

Ynskjer dykk alle ei riktig god påske!
Det er vel eigentleg i dag den byrjar for alvor...

God klem frå meg!



5 kommentarer:

KROnPRINSESSENE sa...

Høres og ser ut som du allerede har hatt fine påskedager :)
Panel-synet har endret seg hos meg også gitt!
Kos dere videre og hils jenta de og si at eggene var nydelige ;)
Påskeklem May Helen

Helene og Henriette sa...

god påske til deg og dine :)

fine fine egg!

Henriette

Haust sa...

Så fine påskeegg!

God påske til deg òg! :)

Lill sa...

Herlig! Det så ut som et drømmested! Du lager så fine innlegg. Enkel og naturlig stil. Nyt resten av påsken!

sologbolig sa...

Herlige påskebilder hos deg. Ønsker deg ein fortsatt god påske.