tysdag, januar 29, 2008

Litt Fretex-handel...

Ja i helga vart det endeleg tid til ein liten handletur, turen gjekk bla til Fretex. Eg har leeenge klødd i fingrane etter å gjera noko drastisk i heimen...Så eg var definitivt ute etter noko stort!Lenge sidan eg har vore på fretex no, så eg gledde meg stort. Men eigentleg vart eg litt skuffa (sjølv om eg handla eindel...) for det er utruleg kor prisane har stige!! Ikkje det, pengane går jo til ei god sak...men eg tenkjer på dei som MÅ handle på Fretex for å klare seg...dei må jo slite no når den minste vetle ting kostar like mykje som i ein vanleg butikk?!! (Men dei tinga eg ser etter er sjølvsagt enno billege då...hi hi...var det nokon som sa bos...?? neidå ikkje for meg...)

Men eg fant altså litt rimelege saker likevel...noko smått og noko stort... nedanfor ser de litt av resutatet etter helgas strabaser, fyrst nokre små søte "dramme-glass" med stett, 10 kr stk var ikkje så verst... Eg synes dei var søte eg...
Så eit skap, som eg har vore på jakt etter ei stund! Så du kan tru eg vart glad då eg såg det stod der innerst i kroken til 450 ,- kr (ikkje så verst det, trass prisoppgang...)! No kan eg endeleg bytte ut skapet eg har i stova, som kjem frå perioden med syre-lut...(tidleg 90-tal) Så eg synes det har gjort sin misjon her i huset...(du skimtar det i bakgrunnen...no kvitmåla...sjølvsagt hi hi)
Men sjølv om skapet såg veldig shabby-chic ut og passeleg slitt...med ein litt skarp blåfarge på dørene, så tenkte eg at, slik kan eg vel ha det ei stund??! treng ikkje måla ALT heilt kvitt?? Kan vera fint med litt farge innimellom alt det kvite... og blåfargen får vera på ei stund til...men vaska og skura med salmiakk i fleire omgangar måtte eg jo... Sjølv om det såg fint brukt ut, reint og luktfritt...
Litt sånn shabby likar eg... kan berre visa at nokon har brukt møblane.... ser ut som det har vore grøn-måla ei stund òg...
Men det har vel vore brunt opprinneleg...sikkert frå 40/50-talet ein gong....

Fekk òg tak i nokre fine (men slitte) gamle julekuler! Og eg som er så glad i gamle julekuler!! Dette er mini-variant...til 5,-kr stk...(bra det òg!)


Synes både den grønfargen og dene gul-oransje fargen er veldig fine....

Og dei kom låg utruleg nok i original-embalasjen sin! Veldig bra....
Eit fint smykke vart det på meg òg til 29,-...(trur ikkje det var brukt eingong for gamle-prislappen hang på...) Pynta meg litt då....fekk ikkje fargane godt fram her men men...Alt i alt ein gjevande dag på handel! Så vart det rydding, vasking og styring når me kom heim, for å få ut gamle-skapet og inn det nye...men det skal eg vise bilete av ein annan dag...Ha ein fin dag alle saman! Tusen takk for hyggelege kommentarar!! Blir like glad kvar gong! Klem

8 kommentarer:

Maria sa...

Du har verkligen fyndat! Skall bli kul att se hur skåpet blir när det är färdig målat.

eba sa...

Hei, og takk for koselig kommentar i bloggen min! Ja, er det ikkje gøy med Fretex! :D Så koselig blogg du har, med mange fine interiørtips! Eg er "egentilg" interessert i interiør, sjølv om ikkje det ser slik ut i huset vårt....:D
Kanskje kan eg linke til deg, og få tips og inspirason (til å holde hus :D :D :D)

Ha ein fin dag!

Brit. (lille meg) sa...

Det var en bra "fangst" du hadde fått på Fretex!
Jeg har ei venninne som jobber på en Fretexbutikk, hun har rett som det er med seg noe heim derfra.
Det hender hun finner noe til meg også.
Det skal bli spennende å følge med
på forvandlingen av skapet.

Kos deg, og ha en fin dag!

hjemme bra sa...

Det var mye flott du hadde funne på Fretex. Det skapet var flott!! Nå fikk jeg lyst til å ta meg en brukt-butikk-runde! (uten barn, så jeg kan ha god tid til å lete etter skatter! - kanskje neste uke...)

elin1976 sa...

For noen herlige funn. Jeg må innrømme det at det skapet er nydelig og kunne godt ha tenkt meg et slik selv:O)

Blåbærpai sa...

hei hei! For ein inspirerande blogg! Og for eit kupp!Det skåpet var kjempefint.
Eg kjem nok til å titte innom her med jamne mellomrom!Er det ok om eg linkar til deg?

Noralill sa...

Kjære Båbærpai, tusen takk for fin kommentar (til dykk andre òg sjølvsagt...),du må berre lenke meg om du vil...men det hadde vore spennande å sjå bloggen din, kanskje du kunne du aktivert profilen din (om du vil)? (eg kjem ikkje inn på bloggen din utan...)

Blåbærpai sa...

TAKK.Då linkar eg til deg.No har eg aktivert profilen min. Ha ein fin dag!