fredag, januar 25, 2008

Litt sysaker og andre ting...

Tru det eller ei, men eg har faktisk sydd min fyrste "kjole", eller forklede til vetlejenta! Sa i eit tidlegare innlegg at eg kjøpte litt stoff på Stoff og stil.nofor ei stund sidan.

Ogno er det kome! Men eg var ikkje så fornøgd med stoffa likevel, trur prisen har styrt meir enn korleis dei såg ut..(økonomen i meg)...men godt nok i massevis til å øve seg på...Det var jo det eg hadde tenkt likevel. Alle stoffa var med litt strech, og det er jo fint når eg skal sy litt klede. Men eg må innrømma at symaskina ikkje har vore min beste venn desse dagane...hmmrrr, det kan jo sjølvsagt hende at det var meg det var noko feil med...men det kan eg ikkje tru..(hi hi) For å sy klede var ikkje så enkelt og fort gjort som eg skulle tru...nei...eg sydde ei bukse der beina vart ulik lengde på, og mønsteret på stoffet vart plutseleg eit heilt anna...den viser eg sjølvsagt ikkje (med hensyn til familien). Men etter mykje sukk og stønn og endå meir sveitte kan eg no presentere min fyrste (og einaste??) kolleksjon (jippii!!):



Mønsteret kunne eg sjølvsagt ikkje bruke (må ha vore noko feil på det...??)Difor gjorde eg mine eigne "justeringar" slik at festkjolen vart ein enkel og litt kortare utgåve...
Og ja...det høyrer faktisk bukser til!! Strikken var litt stram på dei, så den må nok justerast, eller så må eg slanke vetlejenta...(tjihi) og det vert nok ikkje aktuellt...

Phu! Kan hende det blir med lappetepper og små løparar for min del...ei stund frametter...
Men eg har jo massevis av stoff liggande då...så kva gjer eg med det?? Jo, eg fekk ein ide av eit gamalt Boligliv:
Sånn vil eg lage: Altså den snora med dei vimplane...(du tenkte vel ikkje på kjolen??...) Det såg ut til å vera ein klipp og lim-jobb for meg.

Og det vart det: Jadå dei skal vera så små/store eg brukte faktisk mønsteret som kom i bladet..og der er dei ikkje større, men det vart fint synes eg...og grunnen til vimplane er sjølvsagt bursdagen til eldstejenta neste helg...(lagar ikkje vimplar i tide og utide her i huset) Min kjære mann nemde på at dette måtte vera det merklegaste påfunnet mitt hittil...(men det er mykje han ikkje veit..tjihi) og dessutan var det ikkje mitt påfunn, det kom i eit blad....

Limen verka sjølvsagt ikkje då eg skulle lime stoffet til snora, så eg måtte ty til andre og "enklare" metodar, nokon vil kalle det juks, eg vil kalle det kreativitet...(fnis)Sånn no heng det over spisebordet, og der skal den få henga til neste helg....(dermed basta)...Ha ein fin fin dag alle mann, hjå meg er det storm i dag og huset ristar og skjelv...(eg òg)...Håpar det er betre der de er! Klem

2 kommentarer:

Tea Kristin sa...

Jeg synes både kjolen og vimplene ble kjempeflotte! :D Du er tøff som våger å prøve på noe nytt på symaskina - jeg har litt vegring når det gjelder det! :p Jeg har vel egentlig litt lav selvtillit når det gjelder symaskina i det hele tatt!

Ha en strålende helg! :)

hjemme bra sa...

Hei Noralill.
Det er så kjekt å lese innlegga dine, og å sjå bilda. Du skriv så levende og morsomt! jeg kommer til å bli en fast titter her inne ;-)
Synes vimplene dine ble festlige og flotte! (Det er ikke alltid mennene forstår seg på oss damer, men, slik er det vel bare... Vi forstår oss nok ikke alltid på dem heller... hi hi)
Kjolen ble flott. Jeg har lenge tenkt at jeg burde prøve meg på å sy noen enkle klær - anbefaler du meg å prøve? ;-)