tysdag, februar 19, 2008

Kort, kort og fleire kort....

Så har eg laga litt fleire kort. Det er ein grei ting å lage ei stille kveldsstund, morro å klippe og lime, det går fort og er enkelt å få til. Akkurat slik eg likar det. Det er vel ingen hemmeligheit at eg er litt utolmodig og likar å bli fort ferdig....(det vil nok kanskje vise litt igjen på det eg gjer òg??) Men det viktigaste er at det var kjekt så lenge det varte...Alle korta er laga med enkel farga kartong og litt ulikt gåvepapir.....(og litt tusj). Viser bilete av dei som vart slik dei skulle:






Songfuglar...??

Som de ser, så er det ulike fuglemotiv det går i no. Det finnes utruleg mange måtar å framstille ein fugl på! inspirasjonen til fuglane har eg funne rundtomkring på nettet, det er utruleg mange flinke og kreative folk der ute! Og nokre av dykk svingar kanskje innom her?! Då kan eg seie tusen takk med ein gong, til alle dykk der ute som gjev meg så masse inspirasjon og glede!!! Håpar de aldri gjev dykk men berre fortsett å dele med (meg og...)verda!! Stor klem til dykk alle!!!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Utruleg masse kjempefine kort!
Flink du er...

eba sa...

så mykje artig å sjå på bloggen din! Det med headingen kan eg desverre ikkje gje deg noko svar på, men korta dine har eg lyst å skryte litt av, for dei var så koselige og søte, og eg kan vel tenke meg at du har hatt det fint der du sat og laga dei! :)

:D