fredag, mars 14, 2008

Påske...no?

Ettersom påsken kjem litt for fort i år (for meg iallefall), så har eg enno ikkje noko påskepynta hus å vise fram... eg håpar eg kan klare å ordne litt i dag. Det er som sagt mykje som skjer for tida. Mor skal i jobb, og etter mykje diskusjon, til og frå, så vart me einige om at far i huset skal stelle heime (!!) Jippi! Då slepp vetlajento vår å begynne i barnehagen endå....phu! Må innrømme at eg er veeeldig letta for det...Tenk å sleppe å dra ungar og alt ut av huset tidleg om morgonen! No kan ho kose seg med pappen sin, og eg kan kome heim til ferdig middag! Ja det vert nye tider det...


Måtte finne fine bilete på flickr.com slik at det vart litt påskestemning her inne....

Har store planar om å male det blå skapet i stova...(det frå Fretex...) Skal vise bilete av det seinare....

Ha ein fin dag alle saman!

Klem

2 kommentarer:

I eit hus i ein dal sa...

Hei vennen! Me har ein lei hang til malekosten ja.. Blir sikkert fint i ein annan farge og, skapet ditt.. Masse fine bilder og saker her no! Inspirerande:) Prøv hammar på kvistane dine neste gong..
Klems!

Rosa sa...

Så bra at du slepp sende vetlejenta i barnehagen endå! Ein far som steller heime er ikkje å forakte :)

Om det er noko trøyst så har ikkje påsken rykka inn her heller - det var den husvasken, då :s

God helg til deg og dine!