torsdag, august 07, 2008

Blåbærtur...

Det er vel ikkje noko hemmelegheit at eg likar bær! ... då helst som syltetøy. Men for å få bær må ein nødvendigvis plukke dei òg... Og etter at eg fekk låna meg ein bæremeis gjekk det faktisk ann å gå på blåbærtur med vetla-trollet...

Det vil seie når ho ikkje ville gå sjølv...


Me hadde heldigvis med oss ein kamerat til: Blåbærplukkaren! Det er ei smart oppfinning! Om nokon har prøvd å plukka blåbær med berre hendene så veit (spes. den utolmodige) at det tek frykteleg laaang tid å fylle eit lite spann... Men med bærplukkaren går det utruleg mykje fortare! Og godt er det, for å vera på blåbærtur med ein eittåring er kanskje eitt år for tidleg...ho ville gå sjølv, men snubla i alle tuer og steinar...havna i litt blåbærlyng og sette seg til å eta... Då fekk jo mor plukka litt...Men ho lika seg i bæremeisen òg, og på ryggen var ho jo trygg, men frykteleg tung! Men me ser på det som mosjon og eg stod med bøygde knær og hadde små knebøy framfor kvar ei blåbærtua...(phu!)
Men så utruleg kjekt å kome heim med så masse herlege bær!
Det tok omtrent like lang tid å renske dei som å plukke dei...men men noko skal ein jo drive på med...To kilo vart det på oss! Nett passeleg for å ta ein tur til seinare...

Og rørte blåbær er nydeleg på nybaka rundstykker.....

Men når eg byrja sjå enden på syltetøy i denne omgang, kom svigerfar inn døra med ei heil kasse med fantastisk flotte bringebær!! Dette vil ingen ende ta... Vetla-trollet sat akkurat med kvedsmaten og når ho fekk auga på desse flotte bæra kasta ho skjeva i golvet....
Det vart bringbær på fat til kveldsmat....
Og mor måtte røre endå meir bær...Men det er jo kjekt då! Så fekk me litt meir sylta...namm...
Lovar at no er det slutt på bærbilder....(trur eg)

Ha ein fin dag!

6 kommentarer:

Ljuva ro sa...

Så mumsigt! Vi har lyckan att ha blåbär i trädgården!

Anonym sa...

Vilka mumsiga bilder... & jag blev nu sjukt sugen på färska hallon :)

I eit hus i ein dal sa...

Hei vennen! Takk for sist!
Kan tenkja meg det var ein litt heisen tur ja.. Men det er jo mest kos uansett med småtroll:)
Flink er du, uansett!
Klem..

Rosa sa...

Bærplukkar, ja....det var lurt. Eg og Oda mi var lei etter 300 gram, det innbaud ikkje akurat til sylting :)
Så heldig du er som har ein svigerfar som stikk innom med masse bær - det såg knallgodt ut, og eg skjønar godt vetlemor som forkasta brødskiva til fordel for denne herlegheita!

God helg!

Brit. (lille meg) sa...

Å! Dette så veldig godt ut!
Jeg har ikke vært ute og sett etter bær enda, jeg, men har planer om å finne litt bringebær..
Blåbæra ble jeg visst ferdig med som barn, for da plukket jeg så mye at jeg ble lei.
Men bærplukker er ikke noe for meg, synes det blir så veldig mye rusk og rask oppi sammen med bæra.
God helg til deg!

Blåbærpai sa...

Kan berre tilføye :NAAAAMM!
Flinke deg, må vera tungt med vesle frøkna på ryggen! Her er det vel uaktuellt å dra med seg begge dei minste ..hihiOg er litt redd orm òg eg då so..har visst vorte sett i området!GISP!
GOD HELG KJÆRE DU!