laurdag, august 09, 2008

Blomar



Reinfann
Ryllik

Hei! Skal det vera ei lita blomehelsing??...Jodå eg likar å ta inn blomar og spre dei over heile huset no om sommaren. Som oftast tek eg dei frå hagen (som nederst), men etter utallige trilleturar no i sommar så finn eg så utruleg mykje fint i grøftekanten òg... (blomar altså...tjihi)

Den gule fargebomba er Reinfann som faktisk er ei gamal medisinplante som vart brukt mellom anna mot innvollsorm (!), gulsott og fordøyingsproblem...men den kan òg føre til forgifting av gravide og med det abort...fordi den inneheld så mykje av giftstoffet thujon. Den har til og med desinfiserande eigenskapar og vart blant anna hengt opp for å beskytte mot fluger og insekt...Ja det var dagens undervisning...hihi. Eg har eingong i tida laga eit herbarium...(eller noko i den dur..)og litt kunnskap heng vel kanskje att...(pittelitt iallefall...)

Ryllik er veldig fint òg synes eg...(trur den vart kokt og brukt mot blærekatarr...eller noko slikt?) Men nok om det, det er i grunnen heilt fantastisk at alle desse plantane veks utanfor husa våre og me tråkkar forbi dei kvar dag...(eg gjer iallefall det då...)

Plukk med deg ein bukett du òg!! Ha ei fin helg alle!!

6 kommentarer:

Haust sa...

Nydelege blomstrar! Heilt enig i at det er kjekt å pynte inne med blomstrar frå hagen og grøftekantane. Aldeles gratis! :D Forresten er den lyseblå lysestaken din heilt skjønn!

Ha ein god søndag!

Haust/Posidriv

Jorunn sa...

Så fine blomster! Jeg pleier også å ta inn noen buketter, de pynter jo så fint opp. Jeg falt helt for den duken på første bildet, den var nydelig, og jeg likte også den blå lysestaken :0)
Hilsen Jorunn

Anonym sa...

Fin fina bilder & jisses vilken underbar ljusstake... den skulle jag gärna ha här hemma :) Önskar dig en mysig söndagskväll!

by Siv sa...

Så koselig blogg du har! Utrolig masse spennende. Likte veeeeeldig godt det nye gulvet :)
Fatet du fant var nydelig. For ikke å snakke om de fantastisk flotte støvlene din datter fikk til bursdagen. Sånne ønsker min lille prinsesse seg og (er bare 5 mnd, men er sikker på de er ønsket hehe)
Kommer gjerne igjen her jeg :)
Ha en riktig god kveld
Hls Siv

joanna sa...

Nydeleg bilete av vakre blomar!
Her har eg ikkje vore før, men du for ein koseleg blogg!

Solveig sa...

hei du! dette var en blogg etter mitt hjerte, liker stilen din kjempegodt! kan vi linke deg inne hos flittiglisene?

velkommen til nib, jeg har registrert deg, og så kommer en presentasjon av bloggen på lørdag.