tysdag, september 02, 2008

Noko eg ikkje kan...

Eg ser at her i bloggverda er eg langt frå åleine i å drive med ting eg ikkje kan...For me er maange som både snikrar, skrur og byggjer alle mogelege saker og ting... utan eigentleg heilt vite kva me gjer..(eller??) Og no vil eg fortelje om noko EG IKKJE KAN...
Kanskje du får ein Idè av bileta?? Jodå, det er nemleg ein konfirmant her i huset til våren (!), det er ikkje fyrste mann ut, men det er fyrste jente. Og på desse kantar er det vanleg at jenta stiller i bygda sin flotte bunad på den store dagen...Og sjølvsagt kjem ikkje det HEILT av seg sjølv...hmmm. Nokon må stå bak og faktisk skaffe alt som trengs, og det er ikkje lite! Men veldig dyrt! Her snakkar me om bestemødre på alle kantar som er i sving for å både sy, og ordne (kjøpe) det som trengs...(i god tid på førehand sjølvsagt....)
Og det er her eg kjem inn i bilete. For eg hugsar såvidt ei jul for leeenge sidan, då heile konfirmasjonen låg som ei skodde langt der inne i framtida... DÅ lova eg at å sy bringklut og belte til bunaden DET kunne vel eg klare sjølv!(?) Følte jo eg måtte bidra med noko eg òg som trass alt er mora...Og som synes sjølv det er stas å bere ein bunad som eg veit både mor og bestemor har bidrege til...difor ville eg jo sjølvsagt ha det slik for mi dotter òg....
Så no er eg altså komen opp i den situasjonene at eg sit her og gjer noko eg absolutt ikkje kan! Eg hadde mor mi ned ein tur for å vise meg til å kome igang, og ho skulle hjelpe sa ho, men då me kom til fyrste problemet så sa ho: "Nei dette veit eg ikkje, eg kan ikkje dette, eg har aldri gjort dette før...!" Så der sat eg....(hjelp)
Og etter maaange tårer, nål i fingeren og mysing på dårleg mønster i dårleg ljos (for ikkje å snakke om alt som eg har teke oppatt og oppatt...), så er eg altså komen såå langt!! Og no TRUR eg eg veit korleis me gjer det!! Jippi! Så til alle damer der ute som trur dei ikkje kan noko: JODÅ, du KAN ALT berre du vil!!!

Sjølv om tolmodigheita ikkje er av dei som kan strekkjast og strekkjast, så veit eg når eg må stoppe og finne på noko anna..(før eg klipper sund alt eg har laga...tjihi)..eg har trass alt tida heilt til våren! Så mitt mål no er ei eller to striper litt sånn innimellom...hihi...

12 kommentarer:

Miamor sa...

Det kommer du til å få til så fint som bare det!!! Vakkert blir det..og tenk så mye erfaring du får ved å tørre!!!

Sitter her å lurer på om jeg skal tørre å trekke opp sofaen vår....ka du trur...trekket er slitt, men syns det er forgæli å kjøpe ny og...for jeg liker fasongen så godt!!

Kos deg med perlearbeidet!!

Blåbærpai sa...

Kor flink du er! Slikt arbeid har nok ikkje eg tolmod til, jammen godt det er 5 gutar eg har og ikkje 5 jenter..hihi!Takk for utfordring! Eg lyt nok tenkje litt på den!God kveld!

Hulda sa...

Dette ser jo helt fantastisk ut! Ser ut som du kan det veldig godt, syns jeg. :) Blir artig å se det ferdig!

Gamlå sa...

Eg lo og kjente meg sånn igjen i din beskrivelse og fortvilelse...heilt te eg forstod at det var du som hadde perla det som du vise, NYDELIG, dette kan du!!! Eg hadde bare håpt det hva eg som kunne det du vise, men som du seie vil du så kan du.
Gamlå

Unknown sa...

Fantastisk, eg er skikkelig imponert:)
Det er heilt fantastisk å kunne gå med ein bunad som er laga av nokon ein er glad i, då betyr den så uebdeleg mykje meir!!
Mamma har brodert min bunad, det var den fyrste ho prøvde seg på, og det kosta nok adskillig med blod, sveitte og tårer...Men den er utruleg flott brodert, og vert sett svært pris på av ho som ber den(med stor stoltheit kvar gong)
Lykke til vidare og fortsatt fin tirsdagskveld til deg:=)

Anonym sa...

Flinka flinka jento:)
Kjempefint vert da vennen!
Sendt epost til deg!
Bursdag laurdag kl eitt..
Håpar de kjem alle mann:)
Vetlasysto:)

Jorunn sa...

Men NÅ kan du det i alle fall! Øvelse gjør mester vet du ;0) Dette blir kjempefint! Datteren din er heldig som får en slik tradisjonsrik gave, laget av kvinnene som står henne nærmest :0)

Rosa sa...

Dette går jo heilt strålande! Ikkje greit når ein skal "finne opp hjulet", men du verden kor godt det føles når ein har klart det! Bringklut har eg ikkje sydd, men perlebeltet til konfirmantbunaden min sydde eg faktisk sjølv - kanskje det er ei utfordring til konfirmanten? ;)

Du har jo endå god tid, så ei stripe i ny og ne høyrest veldig lurt ut, istadenfor å klyppe opp det du allereie HAR sydd :)

God kveld til deg!

Tea Kristin sa...

Dette ser jo helt strålende - flink er du!!! :) Lykke til videre med bunaden!!! :)

Blåbærpai sa...

takk og god helg til deg og dine òg!Fina vèret her i allefall!

Brit. (lille meg) sa...

Og dette sier du at du ikke kan!
Hvem kan tro på det når vi ser dette?!!
Du er flink, er du!!
Jeg har jo aldri hatt noen konfirmant, men skjønner at det er mye styr med dette.
Men tenk å få bunad da! Jeg er sikker på at du får noen til å hjelpe deg....
Jeg kjenner ei her som syr bunader, men denne har hun garantert aldri laget. Hun syr nordlandsbunad, kystdrakt og til nød trønderbunad.
Jeg tør ikke love henne bort til denne jobben.....

Anonym sa...

hihi.
Nå har jeg fått lest og sett litt på bloggen din.
Gøy at du skriver på nynorsk, det hadde jeg også på skolen. Syns det den gang for 20 år siden var sååå kipt... syns det nå er helt herlig!! Men drister meg ikke til å skrive på nynorsk selv..
Syns du er kjempeflink som bidrar til bunaden selv, kjenner jeg får en klump i magen til å tenke på at mi vesle jente skal konfirmeres om 3 år...går nok fooooort det ja!!
Ha en fortryllende dag :)

Mvh nr 10000 på bloggen..hehe